To masterstudenter med oppgåve om hjort og blåbær

Blåbærplanta er kjent som ei viktig beiteplante for hjorteviltet, spesielt haust og vinter. På Norsk Hjortesenter har vi arbeidd med samspelet mellom hjort og blåbær lenge, og spesielt gjennom forskingsrådsprosjektet Økologiske effektar av hjortebeiting.

Prosjektet skjer i tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges Universitet for miljø- og biovitenskap på Ås (NMBU). No har to masterstudentar frå NMBU jobba i eitt år med kvar si oppgåve og levert sine resultat.
L1130212 master studenter 690 x 388
Studenter fra Norge og Slovenia i feltarbeid på Svanøy sommeren 2014. Fra venstre Ingrid Renate Gjørvad, Filip Kuzmic, Polona Susnik, og Lina Sofia Sjöblom – foto (c) Johan Trygve Solheim

Blåbærplanta er kjent som ei viktig beiteplante for hjorteviltet, spesielt haust og vinter. På Norsk Hjortesenter har vi arbeidd med samspelet mellom hjort og blåbær lenge, og spesielt gjennom forskingsrådsprosjektet Økologiske effektar av hjortebeiting. Prosjektet skjer i tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og Norges Universitet for miljø- og biovitenskap på Ås (NMBU). No har to masterstudentar frå NMBU jobba i eitt år med kvar si oppgåve og levert sine resultat.

Brukte fôringsstasjonar for å måle effekten av aukande beitepress

Sofia Sjöblom gjorde feltarbeidet sitt i Kaupanger i Sogn. Der tok ho utgangspunkt i fem fôringsstasjonar for hjort som har blitt drive over lengre tid. Avstanden til desse blei brukt som mål på beitepresset om vinteren. Fôringsstasjonane blir her eit slags «vasshol» som tiltrekker seg hjort i høge tettleikar og det er kjent frå Afrika at beitepresset aukar jo nærmare slike vasshol ein kjem. Ho undersøkte om blåbærplanta blei påverka av det auka beitepresset og om skogbruket sin påverknad var positiv eller negativ for desse vekstene.

DSC 0344 blabaerstudentene 690 x 388
Ingrid Renate Gjørvad (venstre) og Lina Sofia Sjöblom på feltarbeid ved en av foringsstasjonene i Kaupanger – foto (c) Stein Joar Hegland.

Studiane til Sofia syner at hjorten påverkar blåbærplanta ganske klart gjennom redusert bærproduksjon og storleik. Likevel fann ho at førekomsten til blåbær i liten grad blei påverka, og dette stadfestar tidlegare studiar frå Svanøy som syner at blåbærplanta tolerer ganske mykje hjortebeiting. Førekomsten av blåbær blei derimot negativt påverka av skogbruksaktivitet gjennom endra lystilgang. Høg lystilgang på hogstflater hadde derimot ein positiv påverknad på bærproduksjonen.

Funna i studiet til Sofia Sjöblom understrekar at påverknader frå hjortebeiting og skogbruk ofte kan ha både negative og positive effektar på planter, og dels kan oppheve kvarandre.

Påverkar hjortebeiting smakelegheita til blåbærplanta?

Ingrid Gjørvad jobba med hjortebeitinga sin effekt på smakelegheita til blåbærplanta. Ho utførte kontrollerte forsøk ved forsøksanlegga til Norsk Hjortesenter på Svanøy i Sunnfjord. Smakelegheita blei testa både hjå sommerfugllarvar (målere) og hjorten sjølv, og målt gjennom deira preferanse for plantene. Blåbærplanter med ulik beitehistorie, frå nullbeiting til planter frå hjortefarmens der beitepresset har vore ekstremt høgt over tid, blei lagt fram i små skåler for larvene og festa i ei ramme på fôringsstasjonane for hjort.

Ingrid Gj rvad og Sofia Sjoblom pa labben 690 x 388
Ingrid Renate Gjørvad (venstre) og Lina Sofia Sjöblom analyserer resultater fra feltarbeodet på Svanøy – foto (c) Stein Joar Hegland.

Både larvane og hjorten unngjekk å beite på dei hardt beita plantene som var samla innanfor hjortefarmen. Når det gjaldt planter som hadde opplevd ingen, lite eller moderat beitepress samla frå områder med naturleg variasjon i beitetrykket frå hjort så var det liten skilnad i smakelegheit. Larvane føretrakk i noko større grad dei lite beita plantene framfor dei ubeita og moderat beita, medan hjorten hadde litt preferanse for moderat beita planter.

Funna i studiet til Ingrid Gjørvad peiker på at særs hard beiting frå hjort kan påverka smakeligheita til blåbær. Effekten av beitepress frå vill hjort hadde relativ liten effekt på smakelegheita. Dette kan tyde på at både larvar og hjort føretrekker planter som er smakelege og at normalbeiting påverkar i mindre grad.

Les også denne sakenMeir blåbær gjev meir hjort i Stryn

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *