Forslag om endringar i forskrift om forvaltning av hjortevilt

Miljødirektoratet har sendt forslag om endring av Hjorteviltforskrifta ut på høyring. Forslag til revisjon av forskrift om forvaltning av hjortevilt kan lastast ned ved å klikke her.

I det følgende presenteres dei innspel Norsk Norskesenter (SNH) har sendt til Miljødirektoratet. I all hovedsak støtter SNH forslaga til endringar som er fremma, men meiner at nokre presiseringar og avklaringar er nødvendig. 
IV3U1762  2  spissbukk 690 x 460
Hjorteviltforskifta skal bidra til å sikre en best mulig og lokalt forankret forvaltning av hjorteviltet – for (c) Johan Trygve Solheim 

Miljødirektoratet har sendt forslag om endring av Hjorteviltforskrifta ut på høyring. Forslag til revisjon av forskrift om forvaltning av hjortevilt kan lastast ned ved å klikke her. 

I det følgende presenteres dei innspel Norsk Norskesenter (SNH) har sendt til Miljødirektoratet. I all hovedsak støtter SNH forslaga til endringar som er fremma, men meiner at nokre presiseringar og avklaringar er nødvendig. 


Tidsfristar

Når det gjeld føreslegne endring av tidsfristar for søknadar og handsaming av desse, meiner SNH dette er fornuftig for å sikre betre harmonisering av dei fristane som heng saman. Dette gir romsligare tidsrammer til handsaming og kvalitetssikring enn dagens tidsfristar. Vi meinar likevel at 1. januar er ein lite eigna dato då dette er ein fridag, og i tillegg kjem rett i etterkant av ein høgtid med mange fridagar. Denne fristen kan med fordel flyttast til 15 januar. 

§1 Formål

Den foreslegne tilføyinga av at ivaretakinga av bestandane og deira leveområde gjeld på «lang sikt» støttes då det vil ta vekk eventuell tvil om tidsperspektivet, og gir klare føringar til at forvaltninga bør tenka langsiktig.

IV3U4613 1 bukker i sol og skygge 690 x 460
Dåhjort er forslått fjernet fra Hjorteviltforskifta – foto (c) Johan Trygve Solheim

§2 Definisjonar

Dåhjort er teke ut av definisjonen for hjortevilt i forskrifta, og med bakgrunn i at dette er ein uønskt art i norsk natur. Dåhjort er på rask frammarsj i Sverige, og førekjem sporadisk også på norsk side av riksgrensa. På sikt er det sannsynleg at vi kan få viltlevande bestandar også i Norge. Vidare er jakt på dåhjort regulert i jakttidsforskrifta og det er ikkje jakt hele året. Dåhjort er også lovleg å halde i oppdrett, og dette er regulet i forskrift om hald  av hjortevilt i fangenskap. Det er sannsynlig at det i åra framover blir fleire oppdrett og risiko for at det kan skje rømingar frå slike anlegg vil alltid være til stades. SNH meiner på denne bakgrunn at dåhjort er ein art som må forvaltast sjølv om det overordna målet er at den ikkje skal etablere faste bestandar i Norge. Såleis bør ein behalde arten i definisjon av hjortevilt.

Å ta med definisjon av jaktrettshavar er fornuftig og klargjerande. 

§3 Mål for forvaltning av elg, hjort og rådyr

Kommunane skal vedta mål om bestandsutvikling. Formuleringa her er veldig generell og lite førande.  Andre ledd derimot inneheld ein del spesifiseringar rundt kva måla skal ta omsyn til. Desse spesifiseringane er ikkje fullstendige av di dei ikkje inneheld omsyn til dei som driv næringsutøving knytt til jakt, turisme og lokalmat eller økosystemperspektivet (i tråd med naturmangfaldlova).

Vi føreslår difor primært at forskrifta vert gjort meir generell. Det enklaste vil vera å ta bort andre ledd som då kan spesifiserast meir fullverdig i rundskrivet til forskrifta. I dette rundskrivet bør det og spesifiserast kva type mål om bestandsutvikling kommunane skal vedta.

Alternativt til denne forenklinga kan vera at ein tek inn ei spesifikasjon av bestandstettheit og –samansetning i første ledd (t.d. : «Kommunen skal vedta målsettinger for bestandsutviklingen av elg, hjort og rådyr, som minst inkluderer mål for bestandens tetthet og samansetning»)  og andre omsyn i andre ledd (t.d. «Målene skal blant annet ta hensyn til kunnskap om beitegrunnlaget, fordeler og ulemper av viltbestanden for næringsutøvere, omfanget av viltulykker på veg og bane, og ha eit økosystemperspektiv i tråd med Lov om forvaltning av naturens mangfold»).

§6  Fastsettelse av minsteareal for elg, hjort og rådyr

Fastsetjing av minsteareal er eit viktig prinsipp i hjorteviltforvaltninga og bør difor basere seg på kva som er haustingspotensialet i eit område, jf. formålsparagrafane til forskrifta og viltlova og kunnskapsprinsippet som ligg fast i naturmangfaldlova. Samstundes er bestandsplanar no det rådande verktøy i forvaltninga, og difor bør fokuset på minstearealet reduserast  i den kommunale hjorteviltforvaltninga. Slik sett kan ein kople forslag til endringar i minstearealet oppimot det kommunale målarbeidet, og dermed unngå at det blir ein årleg og tidskrevjande diskusjon rundt minstearealet i kommunane. Det er såleis vår vurdering at det heller ikkje er naudsynt med  opning for å endre minstearealet anna enn  i samband med fastsetjing og rullering av overordna kommunalt mål.

Andre ledd bør kunne forenklast til: Fravik av minsteareal er et enkeltvedtak og kan gjerast for særskilte områder og eit begrensa tidsrom.

§ 12 Krav til bestandsplanområde for elg og hjort

Presiseringane her både i høve kva eit bestandsplanområde er, og kva det skal drive med, er greie å ha med i forskrifta. Likeins kravet om ein representant som opptrer på vegne av bestandsplanområdet.

Derimot er det vår vurdering at kravet om at bestandsplanområdet må disponere minimum 20 gonger minstearealet takast ut. Dette av di eit slikt krav gjev eit feil fokus på kva bestandsforvaltning skal vera. Dei fleste stader vil dette vera eit for lite område, medan i spesielle høve (t.d. elg på Vestlandet og nokre øyar med bestand av hjort) er det for stort med eit slik minstekrav. Eventuelt kan ein nemne noko rundt dette  i rundskrivet, men vi meiner i forskrifta bør dette kravet erstattast med «Bestandsplanområdet må omfatte eit areal som omfattar ein vesentleg del av leveområdet til den lokale hjorteviltbestanden”. Dersom dette innspelet vert teke omsyn til bør same endring gjerast i § 15 om krav til bestandsplan.

GC7D2544 spissbukk 690 x 460
Kategori spissbukk, bukk 1,5 år, ble innført ved forrige revisjon av hjorteviltforskifta. Ut fra fellingsstatistikk er det ikke mulig å se at dette har tjent hensikten med å redusere det totale uttak av hanndyr – foto (c) Johan Trygve Solheim

§ 18 Fellingstillatelse for elg og hjort

Bakgrunnen for å innføre spissbukk som eigen kategori ved tildeling av fellingsløyve for hjort, som vart gjort ved forrige revisjon av «hjorteviltforskrifta» i 2012, var å redusere uttaket av eldre hanndyr.  Definisjonen av vaksne hanndyr for hjort vart då endra frå «1 ½ år og eldre» til «2 ½ år og eldre» og skil seg no frå elgforvaltninga. Vi er einig med direktoratet sitt mål om å redusera andelen eldre hanndyr i uttaket, men så lenge den samla hanndyrdelen ikkje går ned meiner vi effekten av denne «spissbukk-kategorien» er høgst usikker. Vi føreslå difor å ta bort denne kategorien igjen og heller spesifisere i forskrifta at vald som får tildelingar frå kommunen (utan bestandsplan) har eit krav på seg å følgje fordelinga mellom kategoriane i tildelinga. Slik vil ein unngå at vald med relativ høg samla tildeling veljar å felle forholdsvis fleire hanndyr og dermed bidreg til endra kjønnsforhold i motsett retning av det den overordna viltforvaltninga ønskjer seg. Vi er klar over at dette kan være vanskeleg for kommunane å handheva då dei ikkje har nokon sanksjonsmynde, men meiar likevel signaleffekten er viktig for å bidra til dei som står utanfor bestandsplanarbeidet styrast i retning dei overordna måla kommunen har sett.

Formålet, per dags dato, med å få auka hanndyrandelen i bestandane bør omtalast i rundskrivet.

Når det gjeld tildelinga etter godkjent bestandsplan meinar SNH at det må vere årlege tildelingar for å sikre at ein unngår vesentlege avvik mellom tildelte og felte dyr til vald med bestandsplan. Bestandsplanen vert godkjent for heile planperioden, og valda med bestandsplan får tildelt årleg fellingsløyve i samsvar med denne som valfrie dyr..

Presiseringa/tilføyinga «For vald uten godkjent bestandsplan beregnes antall fellingstillatelser ved å dividere valdets tellende areal med gjeldende minsteareal.» er grei og vil kanskje kunne vere med å  motivere vald til å inngå i eit bestandsplansamarbeid. I rundskrivet burde det spesifiserast noko om forholdet til eventuelle bestandsplanområder i nærleiken.   Tanken er jo at kommunen skal nytte tildelinga frå tilgrensande bestandsplanområde som mal for tildelinga i mindre vald som ikkje deltek i slike større einingar.

Den foreslegne presiseringa (i veileder/rundskriv) av at prinsippet om at kalv kan fellast i staden for vaksne dyr av begge kjønn, og gjeld for vald med bestandsplan, er etter vår vurdering unødvendig.  Vald med bestandsplan får tildelinga som valfrie dyr , og skal foreta felling i samsvar med bestandsplanen og ikkje noko anna. Det vil vere rimelig frustrerande at forskrifta kan «overstyre» ein bestandsplan! Sjølv om det mest kanskje berre er i teorien. Det er i alle høve unødvendig å ha dette med og då bør det heller ikkje vere med.

§ 19 Fellesjaktavtaler for elg og hjort

Det er ifølge forskrifta høve til å flytte løyver mellom vald med felles bestandsplan. Korleis dette vert gjort er slik vi ser det eit tilhøve mellom valda som eventuelt vel å inngå slike avtalar og bestandsplanområdet.  Det er jaktrettshavarane som gjennom bestandsplanar skal drive forvaltninga. For hjortejakt vil det ofte vere veldig mange og små vald involvert i bestandsplansamarbeid. Det synest difor som unødvendig tungving og byråkratisk å ha med krav om skriftlege avtalar for dette. I mange tilfelle vil det vel og ofte berre vere snakk om flytting av fellingsløyva og ikkje jegerar/jaktlag. 

Etter vår vurdering kan noko av innhaldet § 19 heller gå inn i rundskriv der ein omtalar bestandsplanar. Her kan direktoratet gje ein kort skildring av korleis ein kan handtera dette. Til dømes kan ein spesifisera at bestandsplanen kan leggje føringar for kor mykje og korleis ein kan flytte løyver mellom vald eller jaktfelt.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *