Hjorten elskar hageplanter

Mange sliter med hjort som elskar hageplantane deira, og våren er tida for hagestell og innkjøp av nye plantar. Ved Norsk Hjortesenter får vi ofte spørsmål frå publikum om kva dei kan gjere for å unngå hjortens herjingar. Finst det plantar dei ikkje likar?

I periodar av året då beitetilbodet i utmarka er dårleg (primært vinter og vår), kan hagar vera ekstra tiltrekkande i hjorten sitt næringssøk. Kva kan ein eigentleg gjera for å minske desse problema? Norsk Hjortesenter jobbar med ei digital handbok der første kapittel omhandla Arealbrukskonfliktar, deriblant problemet med såkalla hagehjort.  Dei viktigaste tiltaka som er skildra i handboka er inngjerding, tildekking, skremsel og planteval.

Ein eldre bukk har funnet seg godt til rette i ein hage der han kan velge og vrake i smakelige og næringsrike planter – foto (c) Johan Trygve Solheim.

Mange sliter med hjort som elskar hageplantane deira, og våren er tida for hagestell og innkjøp av nye plantar. Ved Norsk Hjortesenter får vi ofte spørsmål frå publikum om kva dei kan gjere for å unngå hjortens herjingar. Finst det plantar dei ikkje likar? 

I periodar av året då beitetilbodet i utmarka er dårleg (primært vinter og vår), kan hagar vera ekstra tiltrekkande i hjorten sitt næringssøk. Kva kan ein eigentleg gjera for å minske desse problema? Norsk Hjortesenter jobbar med ei digital handbok der første kapittel omhandla Arealbrukskonfliktar, deriblant problemet med såkalla hagehjort.  Dei viktigaste tiltaka som er skildra i handboka er inngjerding, tildekking, skremsel og planteval.

Inngjerding er et stort tiltak å iverksetja, men er særs effektivt og kan gjerast slik at mykje av gjerdet vert skjult av vegetasjonen. Norsk Hjortesentert ved Vebjørn Veiberg utarbeida ein oversikt over ulike måtar å gjerde hjort ute i 1998. Rapporten kan du laste ned her! 


Det mest effektive tiltak for å hindre hjorten å ødelegge hager er å sett opp gjerde rundt hagen. Gjerde må være minst 1,9 meter høgt og tett under. Her ein spissbukk som lett forserer et 1,5 meter høgt gjerde – foto (c) Johan Trygve Solheim

Vi tok ein prat med hageelskar Eli Heiberg om planteval i hjorteland. Ho jobbar på Høgskulen i Sogn og Fjordane der ho m.a. underviser om hageplanter. Ho er også ein erfaren hagebrukar med hage i Kaupanger, midt i eit av dei viktigaste vinteropphaldsområdet for hjort i indre Sogn. No om våren har ho hundrevis av hjort rett rundt hushjørnet.

-Sterkt luktande krydderplanter og planter frå laukfamilien er ganske trygge planteval, fortel Eli. Men det er svært få heilt sikre kort å satse på i hagebransjen når det gjeld hjort.

Ho fortel vidare at det er nokre prinsipp ein kan gå utifrå som ei slags peikepinn på korleis ein kan tenke planteval. I tillegg til dei sterkt luktande plantane så bør ein t.d. vurdera buskar framfor tre. Dette har å gjera med at hjorten ikkje så lett kan gnaga på stammen til buskar og då blir skadane avgrensa. Av eviggrøne buskar er buxbom ein muleg vinnar i hjorteland. Clematis blir nemnt som ein relativ sikker klatreplante.

-Tre derimot må nesten alltid vernast, spesielt i ung alder, understrekar ho. Nokre hageplantar er sikre taparar når hjorten kjem på besøk og dette gjeld t.d. jordbær, kålplanter, gulrot, salat og persille, seier Heiberg. Alt av vintergrøne staudar er også svært utsatt.

Eli Heiberg kan likevel avsløre at ho til slutt måtte innfinne seg med å etablere eit hjortegjerde rundt den flotte hagen sin.

-Det er det tryggaste tiltaket, smiler ho.


Påskeliljer og andre planter i narsissfamilien er vanlige hageplanter og lite fortrukket av hjort. I tilfeller der det har vært plantet noen gule tulipaner inne mellom påskeliljene har hjorten heller ikke rørt disse selv om den ellers har høy preferanse på tulipanene – foto (c) Johan Trygve Solheim  

Ikkje langt unna Eli er Forskingsleiaren til Norsk Hjortesenter, Stein Joar Hegland, oppvaksen.

-Vi har hatt hjort i hagen så lenge eg kan hugse og eg brukte å snike på hjorten i hagen og på bøane og skogen rundt hagen, fortel Hegland. Mor mi fortalte at solbæra sjeldan blei beita hjå oss og heller ikkje morell og kirsebærtrea når dei hadde blitt høge nok til å unngå knoppbeiting. Rundt min eigen hage har eg satt opp ein straumførande tråd (ca. 150 cm) oppå ei plankegjerde og det har heldt hjorten unna i to vintrar på rad.

Mange er også kreative med skremselstiltak. Generell erfaring tilseier likevel at dei fleste skremmemiddel må skiftast ofte fordi hjorten fort vennar seg til desse.


Ulike frukttrær er yndet av hjort og om vinteren kan de og barke trærne og på den måten ta livet av dem – foto (c) Johan Trygve Solheim.

Vi har satt opp ei liste over dei plantane vi har erfaring for at hjortane i liten grad/aldri beitar:

Narsissfamilien:

    Påskelilje (Narcissus pseudonarcissus)

    Pinselilje (Narcissus poeticus)

    Snøklokke (Galanthus nivalis)


Andre plantar:

Buxbom (Buxus sempervirens)

Vårgyvel (Cytisus x praecox)

Tysbast (Daphne mezereum)

Rhododendron (Rhododendron sp.

Hjorteviltportalen hadde i slutten av mars et relavant oppslag i forhold til hager og rådyr.


I Florø ble det for noen år siden iverksatt en stor aksjon for å fjerne hagehjorter. I alt 24 hjort ble bedøvet og flyttet fra byen. Flee bilder fra denne aksjonen kan du se ved å klikke bildet – foto (c) Johan Trygve Solheim