No er tida for å leite etter fallgevir

Det yrar av vår og blodet brusar i både folk og hjort. Det vert lysare dag for dag, og det er tid for naturen å fornye seg. Dette gjeld også for hjorten, og bukkane startar i desse dagar å gro nye gevir.

Det er dei eldste bukkane som feller gevir fyst. Bukkar eldre enn 8 år kan felle gevir allereie no i siste halvdel av mars månad. Finn du eit gevir som veger meir enn 2 kilo, har du truleg ein gullbukk i terrenget ditt.

For den lidenskapelege jeger som synest det er litt lenge til hjortejakta, er jakta på fallgevir absolutt ei verdig utfordring. Leiting etter fallgevir kan vere tidkrevjande med tilsynelatande tilfeldige funn. Funnprosenten kan likevel aukast ved å leite i strategiske områder ein veit hjorten har trekkruter. Då er det spesielt der hjorten gjer ekstra brå bevegelsar fallgevira kan ligge. Kanskje ved eit gjerde i ein jordekant der hjorten må hoppe over på veg inn og ut av jordet, eller ein bekk som hjorten må over på trekkruta si.

L1100650 fallgevir funnet i myr web 690 x 388
Fall gevir kan være vanskeleg å finne, men med litt erfaring vil funnprosent kunne aukast vesentleg – (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter

Fallgevira er verdt å ta vare på, men du lyte legge ein innsats i å finne dei. Passar ein på å leite i eit område ein veit det går bukkar, kan ein med hell finne begge gevira. Då har du eit flott trofè om ein monterer gevira på ein kunstig skalle. Bukkane er relativt stadeigne og ein kan over fleire år finna gevir frå same bukk og sjå korleis geviret utviklar seg. Det er faktisk relativt enkelt å sjå at det er den same bukken bare ved å studere rosekransen. Best av alt er at ein får fleire trofè frå same bukk mens den framleis er i live. Gevirsanking på denne måten kan vera eit fint alternativ til tradisjonell trofèjakt, og har ikkje dei same negative biologiske konsekvensane som felling av staselege hanndyr i sin beste alder ofte har.

L1100742 gevir pa kunstig skalle web 690 x 460

Fallgevir montert på ein gunstig skalle er minst like vakkert som om bukken er død, og ein har høve til å samle slike trofè frå ein og same bukk over fleire år – (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter

Gevirveksten til hjorten er blant anna styrt av testosteronproduksjonen, og denne er igjen styrt av daglengda. Når sola snur i desember aukar daglengda, og testosteronproduksjonen hjå hjortebukkane minkar. Den minkande testosteronproduksjonen vil etter kvart medføre at bukkane gror nye gevir. For at dei nye gevira skal kome opp må dei gamle av. Dette skjer i skog og mark i desse dagar og frametter heile våren. I tillegg til minkande testosteronproduksjon er alder og kondisjon på bukken med på å styre kva tid dei nye gevira startar å vekse og dei gamle gevira fell av. Gamle bukkar i god kondisjon fell gevira fyrst, og unge bukkar i dårleg kondisjon fell dei sist. Gjerne så seint som i månadsskifte mai/juni.

Gevira som veks opp veks fyrste tida sakte, men etter kvart som energitilgangen aukar vil også veksttempoet auka og kan på det raskaste vere omlag 2 cm i døgeret. For at hjorten skal sette eit stor og flott gevir er det avhengig av att bukken er i godt hold før gevirproduksjonen startar, og at bukken ikkje vert i dårlegare hold mens geviret veks. Tilgangen på mineral er også særs viktig, men ikkje like avgjerdande som bukken sin totale kondisjon.

EK2P7288 bastgevir web 690 x 460

Bastgeviret kan vekse omlag 2 cm i døgeret – (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter 

Når sola snur i juni minkar daglengda, og testosteronproduksjonen aukar igjen hjå bukkane. Gevirveksten vil då avta og etter kvart stoppar veksten heilt opp. I denne perioden vert geviret mineralisert og hardt som bein. I midten av august startar dei største bukkane med feiing av sine nye gevir, mens dei minste bukkane kan gå med bast på geviret til langt ut hausten. For hjortane er geviret først og fremst et statussymbol, men kan også være eit farleg våpen.