Vågsøy med avtale om årsrapport frå Norsk Hjortesenter

Vågsøy kommune har i år bestilt ein såkalla ”årsrapport” frå Norsk hjortesenter. Årsrapporten er ein årleg rapport med oversikt og oppsummering av bestandsutvikling m.v.  Rapporten baserer seg på Sett hjort, fellingstal og slaktevekter fortel Viltforvaltar Magnus Frøyen ved Norsk Hjortesenter.

 -Vi har lang erfaring med å gje råd til kommunar og grunneigarar om utfordringar i hjorteforvaltninga spesielt, og anna viltforvaltning generelt. At vi no tilbyr årsrapportar til kommunar er eit ledd i å gjere denne delen av vår verksemd enda meir tilgjengeleg seier han vidare.

GC7D3906 bukk som beiter i eng 800 x 533 e8c0c


Ein ung bukk på veg opp og klar for å overta eit harem om nokre år om den ikkje vet felt for ei kule under jakt. Årsrapportar frå Norsk Hjortesenter ser fremover og baserar seg på historikk for det aktuelle området og kunnskapen om hjortens biologi – (c) Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter.

Årsrapportane gjev skreddarsydd oversikt over det ein har av tilgjengelig informasjon om hjortebestanden i ein kommune.  I tillegg til oversikta gjev ei slik årsrapport faglege vurderingar og tilrådingar basert på dei framkomne data. Også i høve mogleg samarbeid over kommunegrensene. Dette er viktig kunnskapsgrunnlag for utarbeiding av målsetnader og planer.

Vidare kan dette vera viktig materiale i å fastsetje avskytinga for neste jaktår.  Både kommunar og bestandsplanområde etterspør slike kunnskap. Det er strengare krav til kunnskapsgrunnlag med den nye ”Naturmangfaldlova”, og ein slik årsrapport kan vera med å oppfylle dei forpliktingar kommunen har for å drive meir kunnskapsretta verksemd.

Årsrapporten vert leveret ferdig trykt og klar til å sendast  ut til vald og jaktfelt som her vil finne mykje nyttig informasjon i høve både utarbeiding og evaluering av bestandsplanane sine. I tillegg til papirversjonen vert den òg levert som ei pdf-fil samt ein powerpoint presentasjon med alle diagram.

Eit slik dokument utgjer ”modul 1” i det modulbaserte tilbodet Norsk Hjortesenter har  sendt alle landets kommunar i form av ”Kalender frå Norsk Hjortesenter 2015”. For dei som har behov for fleire tenester er det mulig å bestille fleire modular. ”Modul 2” har vi kalla ”kompetanseavtale” og denne  inneheld, i tillegg til Årsrapporten, fri  tilgang til rådgjevingstenester i hjortefaglege spørsmål. ”Modul 3” representerer ei ”forvaltningsavtale” som i tillegg til det som inngår i modul  2 også inkluderer at vi utfører kommunal sakshandsaming innan viltforvaltning.

150309 Norsk Hjortesenter Produktoversikt

Klikk bildet og last ned ein produktoversikt  som fortel nærare om dei ulike modulane – utdrag fra “Kalender fra Norsk Hjortesenter 2015”!

Har du ikkje mottatt vår kalender for 2015 kan den etterbestillast her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *