Første kapittel i handbok i hjorteforvaltning er lansert

«Handboka» skal formidle fagleg stoff som er relevant i den praktiske kvardagen til dei som driv forvaltning av hjortebestandar, både i offentlege og privat regi, fortel prosjektleiar og forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland.

Dei som driv viltforvaltninga har jo sjeldan tilgang til all kunnskap om ulike utfordringar dei møter i kvardagen sin om dei no er jegerar, sit i styre og stell i bestandsplanområder eller er forvaltarar i offentleg regi.

-Vi har hatt som mål å systematisere kunnskapen på ein slik måte at den kan nyttast i praksis. Ikkje fordi den er ein fasit, men fordi vi har prøvd å relatere kunnskapen som fins til konkrete problemstillingar. Faksimile hjorteproblem 690 x 502
Bildet viser faksimiler frå Sogn Avis som gjev innblikk i den historiske dimensjon i konflikten mellom hjort og landbruk. Til historia høyrer det at det i 1960 blei felt berre 3 % av den mengda hjort som blei felt ved jakt i Sogn og Fjordane i 2013 (Statistisk Sentralbyrå 2014) og at det blei gjennomført storstilt inngjerding i mange av desse område med finansiering frå Statens viltskadefond frå 60-talet og utover. (Trykt med løyve frå Sogn Avis).

– «Handboka» skal formidle fagleg stoff som er relevant i den praktiske kvardagen til dei som driv forvaltning av hjortebestandar, både i offentlege og privat regi, fortel prosjektleiar og forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland.

Dei som driv viltforvaltninga har jo sjeldan tilgang til all kunnskap om ulike utfordringar dei møter i kvardagen sin om dei no er jegerar, sit i styre og stell i bestandsplanområder eller er forvaltarar i offentleg regi. 

-Vi har hatt som mål å systematisere kunnskapen på ein slik måte at den kan nyttast i praksis. Ikkje fordi den er ein fasit, men fordi vi har prøvd å relatere kunnskapen som fins til konkrete problemstillingar. Vi på Norsk Hjortesenter er heldige som har fått med oss Erling Meisingset frå Bioforsk og Vebjørn Veiberg frå NINA som ekspertar i arbeidet med handboka.

Det første kapitlet handlar om arealbrukskonfliktar. Mennesket sitt bruk av landskapet kan ha stor innverknad på viltet sitt leveområde og dette blir behandla først i dette kapitlet. Denne typen arealbrukskonfliktar har sitt utspring i korleis vi bruker areala til busetnad, vegar, o.l., og løysinga handlar om å finne fram til berekraftig bruk av landskapet. Desse arealbrukskonfliktane ligg i skjeringspunktet mellom offentleg og privat planlegging og klassisk viltforvaltning med fokus på leveområda til viltet.

Den andre typen arealbrukskonfliktar, som blir behandla i kapitlet, går på dei skader viltet volder mot privatøkonomiske interesser i form av beiteskader på skog- og jordbruk eller mot samfunnsøkonomisk interesser i form beiteskader på verneinteresser o.l. Mange grunneigarar og kommunale viltforvaltarar kjem borti utfordringar av denne typen.

Etter at Naturmangfaldlova kom på plass er kravet om kunnskapsbaserte forvaltningstiltak og planlegging av inngrep i forhold til viltet sitt bruk av landskapet blitt mykje høgare.  

-Løysingane på arealbrukskonfliktar er samansatte, men kunnskap er essensiell som basis og her presenterer vi ein første kunnskapsbasert oversikt av slike arealbrukskonfliktar i Noreg, understreker Hegland.

Kapitlet om arealbrukskonfliktar er no tilgjengeleg på nett og det fins tabellar i dokumentet som gjev ein god og rask oversikt over løysingsforslaga. Teksten gjev ein grundigare vurdering og diskusjon rundt den mulege effekten av tiltaka. Det fins også eigne figurar som illustrere nokre av løysingane og ein eigen presentasjon av korleis ein kan utnytte lovverket i det praktiske arbeidet med å løyse arealbrukskonfliktar.

-I nettversjonen av handboka kan ein trykke på lenkar for å kome raskt til temaet ein er interessert i. Vi har forsøkt å gjere det så operativt som muleg i forhold til forvaltarane sin kvardag og behovet for rask tilgang til informasjon, understreker Hegland, men dokumentet passar også for dei som vil skrive ut heile kapitlet og kose seg med det i godstolen for å lære meir om hjort og hjorteforvaltning.

Arbeidet med «Handboka» vil fortsetja  og neste kapittel handlar om «Kommunale mål» . Dette er tidsaktuelt fordi alle kommunar no er forplikta til å ha målsetnader for utvikling av hjortebestanden. Planen er at nye kapittel skal bli produsert fortløpande og totalt fem kapittel om alt frå bestandsplanlegging til bruk av sett-hjort m.m. er planlagt. Produksjonen av desse kapitla er avhengig av vidare finansiering.

– Vi er svært takksame for den økonomiske stønaden vi har fått frå Fylkeskommunane i Hordaland, Rogaland og Telemark, samt nasjonale viltmyndigheiter i Miljødirektoratet. Vi vonar at vi også får med oss andre hjortefylke og store hjortekommunar til å støtte prosjektet vidare neste år. Vi trur at dette kan vera med å gjera arbeidet med praktisk viltforvaltning mykje lettare, argumenterer forskingsleiaren på Norsk Hjortesenter.

Forfattarane har ei variert bakgrunn frå både praktisk og teoretisk arbeid innan hjorteforvaltninga:

Stein Joar Hegland, Forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter (kontaktperson: stein.joar@svanoy.com)

Magnus Frøyen , Viltforvaltar ved Norsk Hjortesenter

Erling L. Meisingset, Forskar ved Bioforsk

Vebjørn Veiberg, Forskar ved Norsk institutt for naturforskning, NINA

Klikk her for å komme til oversikt over kapitlene i handbok!


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *