Norsk Hjortesenter har evaluert tiltak mot hjortepåkøyrsler i Sogn og Fjordane

Hjorteviltet sitt møte med harde trafikantar har blitt eit aukande samfunnsproblem dei siste tiåra. Dette skapar store lidingar for dyra, økonomiske tap for samfunnet og utryggleik for trafikantane. Effektive tiltak mot hjortepåkøyrsler er nødvendig for å få bukt med problema.

-Statens vegvesen i Sogn og Fjordane har hatt ei offensiv haldning til å gjera noko med desse problema, seier Stein Joar Hegland som forskingsleiar ved Norsk Hjortesenter. Vi fekk i oppdrag å evaluera fem ulike avbøtande tiltak som vegvesenet har gjennomført for å redusera hjortepåkøyrsler dei siste fem åra. Totalt sett har dette vore svært vellukka, fortset Hegland.

IV3U9369 kolle og kalv krysser veg 800 x 533
Det er årlig mange viltpåkjørsel i Sogn og Fjordane og med store materielle skader og lidelser for dyra. Norsk Hjortesenter sin rapporter viser at tiltak kan redusere antallet påkjørlser. Foto Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter.

Evalueringa er ein del av ein fagrapport publisert av Norsk Hjortesenter (last ned rapporten her). Analysane i rapporten syner at tre av dei fem avbøtande tiltaka som blei gjennomført i perioden 2009-2013 var effektive. Evalueringa har teke omsyn til potensielle bestandsmessige endringar som kan påverka resultata. Vi gjorde dette ved å samanlikna endringar i hjortepåkøyrsler i tiltaksområda med nærliggande kontrollområde.

-Totalt sett sparte tiltaka omlag 17 hjorteliv årleg og 51 hjort for perioden totalt, fortel Hegland. Tiltaka kan verka ganske dyre og det blei brukt 2.3 millionar på dette. Likevel var alt dette spart inn i løpet av perioden og tiltaka har vist seg svært lønsame i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, konkluderer forskingsleiaren.

Ei siktrydding ved Brandsøy i Florø blei gjennomført i 2009 og har årleg spart fire hjorteliv. Kostnadane ved denne siktryddinga, som er rydding av tre og buskas opptil 7-8 meter frå vegkanten, var liten og tent inn att i løpet av same året.

Rapporten analyserer også samansetninga av vegetasjon langs alle dei viktigaste påkøyrsleområda i fylket og analysane viser tydeleg at di meir open vegkanten og området rundt vegen er jo færre påkøyrsler. Rapporten viser også at vegar som har skog på oppsida av vegen og innmark på nedsida av vegen har fleire påkøyrsler enn vegar som ikkje har denne samansetninga av landskapet.

På Ljøsne i Lærdal og Mannhellervegen i Kaupanger vart det satt opp viltgjerder som forlenging av eksisterande gjerder slik at ein fekk endra kryssingspunkta langs vegen for hjorten. Dette var ganske dyre tiltak, men begge tiltaka var svært effektive og blei, ifølgje rapporten, rekna som innspara i løpet av maksimum tre år.

I tillegg har rapporten sett på verknaden av tradisjonell fareskilting og fartsreduksjon frå 80 til 70 km/t på hjortepåkøyrsler. Rapporten konkluderer med at ingen av desse tiltaka har effekt, men at ein kan vurdera dynamiske skilt som varslar ved auka påkøyrslefare og fartsreduksjon til 60 km/t.

Sider fra Hegland 2014 Evaluering av tiltak mot hjortepak yrsler Norsk Hjortesenter