Studentane lærer om hjorten i landskapet


Norsk Hjortesenter har tett samarbeid med naturfagsavdelinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane både på undervisning og forsking.
2klasselandskap2013-14EKSKURSJON: 7. januar hadde studentane en dag i skogen i Kaupanger for å få får belyst teori i felt. Fredag 17. januar har studentane skriftleg eksamen, og Norsk Hjortesenter ønskjer lykke til! (Foto: Stein Joar Hegland)

Norsk Hjortesenter har tett samarbeid med naturfagsavdelinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane både på undervisning og forsking.

Kvart år underviser vår forskingsleiar Stein Joar Hegland i emnet Landskapsøkologi for studentar som driv med utdanning innan Landskapsplanlegging. Dette emnet skal lære studentane å ta omsyn til heilheiten i landskapet når dei i framtida skal planlegge og utforma areal til vegar, bygningar, industri og anna.

– Vi legg spesielt vekt på å lære studentane ein del om hjorten sin bruk av landskapet fordi dette er viktig for å sikre hjorten sitt dag- og sesongtrekk i forhold til inngrep i landskapet, og til dømes ta omsyn til risikoen for hjortepåkøyrsler ved nye vegar, seier Hegland.

– Det er svært givande å formidle grunnleggande kunnskap og vite at dette kan ha stor anvendt verdi for både studentane og viltet, meiner Norsk Hjortesenters forskingsleiar.