Meiner sett hjort ikkje vert verdsett


“Problemet i dagens forvaltning er at det er fellingstala og vårteljingar som har vore styrande for forvaltninga av viltressursen, medan sett hjort-tala berre har vore eit supplement.”
Les kronikken:


Sett hjort-skjema prscr
“Problemet i dagens forvaltning er at det er fellingstala og vårteljingar som har vore styrande for forvaltninga av viltressursen, medan sett hjort-tala berre har vore eit supplement.”
Les kronikken:

Av: Stein Joar Hegland, forskingsleiar, Norsk Hjortesenter

Jegerar samlar årleg inn store mengder observasjonar under sin jakt på hjort i skog og mark. Desse hjorteobservasjonane blir lagt inn i offentlege datasystem av kommunale viltforvaltarar i det ganske land og blir til det ein kallar sett hjort-indeksar.

Hundretusenvis av timar ligg bak dette arbeidet, både på frivillig og betalt basis. Likevel vert potensialet i desse tala ikkje godt nok utnytta i dag. Det er synd sett i lys av den store ressursbruken og dei mulegheitene som ligg i den jobben jegerane utfører.

Kor mykje hjort er det – eigentleg?
Dette spørsmålet vert diskutert på pubar, jeger- og skytterforeningar, landbruksmøter, ved bålet, på facebook, i avisene og andre fora. Jakt er noko som engasjerer folket på grasrota over heile landet.

Det mange enno ikkje veit er at sett hjort-tala som jegerane samlar inn er dei einaste tala som kan gje oss svar på slike og liknande spørsmål. Desse tala kan fortelje oss svært mykje om bestandsutviklinga over tid, er svært viktig i fastsetjing av målsetnader for forvaltninga og for å justere grunneigarane sine bestandsplanar og fellingskvoter.

– Dette må snuast på hovudet
Som supplement har ein fellingstala som det offentlege pliktar å rapportera og vårteljingar som mange entusiastar samlar inn. Problemet i dagens forvaltning er at det er fellingstala og vårteljingar som har vore styrande for forvaltninga av viltressursen, medan sett hjort-tala berre har vore eit supplement.

Dette må snuast på hovudet dersom ein ønskjer ei kunnskapsbasert og målretta moderne forvaltning. Kan det vera at feilbruken av innsamla statistikk er årsaka til at ein i mange vestlandskommunar i eit knapt tiår ikkje hadde kontroll på bestandsveksten? Eller at det i dagens situasjon kanskje har blitt skote for mange, eller feil dyr, slik at mange no føler på at det er mindre hjort enn ønska i sine jaktområde?

Kva er nytten?
Sett hjort-tala baserer seg på kva jegerar samlar inn og inneheld mengde dyr, kva kjønn og alderssegment dyra tilhøyrar samla inn i forhold til jegertalet og tidsbruk. Dette kan nyttast til å rekne ut såkalla indeksar som gjev ein indikasjon på kor mange dyr som er i eit gitt område, kor mange bukkar det er i forhold til koller og kalvar i forhold koller.

Slik får ein altså eit tal for hjortetettleik, kjønnsforhold, rekruttering inn i bestanden i forhold til den jaktinnsatsen som vert lagt ned. Dette er nettopp dei tala ein treng for å drive hjorteforvaltninga vidare i kommunar eller på bestandsplannivå. Grunnlaget for kvalitet er at jegerane noterer og at kommunale forvaltarar legger desse korrekt inn i det nasjonale hjorteviltregisteret.

Nytten kjem mest til sin rett når ein har fått registrert over fleire år, men då er dei utan sidestykke som verktøy for alle involverte. Fellingstala er svært upålitelege når det kjem til dei same måla fordi dei berre baserer seg på det som er henta ut av skogen og ikkje i tillegg det som går igjen, og fordi ein ikkje veit noko om innsatsen som ligg bak fellinga.

Tilgjengeleg for alle og eit premiss for lokaldemokratiet
Data som vert samla inn ligg tilgjengeleg på nettet og når dei først er lagt inn så kan alle gå inn å sjå data med kurvar og statistikk for sitt eige hjortevald, sin kommune, fylke eller for heile landet. Å kunne nytte dette fullt ut krev noko kunnskap og difor jobbar Norsk Hjortesenter på oppdrag frå vestlandske fylkeskommunar og Miljødirektoratet med å spreie kunnskap om dette.

Temaet er så viktig at det er hovudsak for det årlege nasjonale hjorteseminaret, Hjort 2013, som i år er lagt til Flesland, Bergen 28-29. august. Temaet er viktig fordi det gjev grunneigarar mulegheit til å påverke forvaltninga av dei ressursane dei sit på og kommunane ei mulegheit til å oppfylle sine faglege krav om ei god og kunnskapsbasert hjorteforvaltning.

Krava frå opinionen og sentrale myndigheiter til desse nøkkelaktørane i hjorteforvaltninga vert stadig større og det gjeld å henga med på kunnskapslasset. Sett frå dette perspektivet handlar det om lokaldemokrati og mulegheit til å påverke utnytting og forvalting av ein naturressurs.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *