Feltkontrollørkurs på Alver (Knvarvik) 27. august


Norsk Hjortesenter inviterer til feltkonkontrollørkurs på Alver like nord for Bergen 27. august.

Med eit eindagskurs kan du bli sertifisert til å feltgodkjenne kjøt for sal.


feltkontroll  rkurs flesland 23 mar 12 ii fotoejdORGANKONTROLL: Mattilsynet kjem, og har med seg organer frå sjuke dyr, slik at deltakarane får sjå korleis det kan arte seg når ein hjort til dømes har leverikte. Biletet er frå feltkontrollørkurs på Flesland i fjor. (Foto: Egill J. Danielsen)

Norsk Hjortesenter inviterer til feltkontrollørkurs på Alver like nord for Bergen, 27. august 2013.

Med dette kurset får du eige ID-kort og rett til å godkjenne viltkjøt for sal til privatpersonar, butikkar og restaurantar. Feltkontrollørkurset er i hovudsak eit teorikurs, og kan gjerne supplerast med slaktekurs dersom ein også ønskjer å verte god på den praktiske delen av kjøthandteringa.

Pris: kr 2500,- (Eindagskurs)

Lokale: Alver Hjort

Tid: 27. august, kl 09.00-16.30

Påmelding her!

Se kursprogram!

Lunsjmåltid: Ja

Har du spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Norsk Hjortesenter på tlf 57 75 21 80, eller bruk epostadressa johan@svanoy.com 

Kurset blir arrangert med atterhald om nok deltakarar.

FAKTA FELTKONTROLLØR

* Med verknad frå  1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *