Feltkontrollørkurs på Skei i Jølster 7. juni

Norsk Hjortesenter inviterer til feltkonkontrollørkurs på Skei i Jølster 7. juni.

Med eit eindagskurs kan du bli sertifisert til å feltgodkjenne kjøt for sal.

hjort slakt feltkontroll  rEit EU-direktiv har opna for at jegrar kan kontrollere og “tagge” hjorteviltskrottar med “feltkontrollert kjøt”. Dermed kan kjøtet seljast til butikkar, restaurantar og private, utan at Mattilsynet treng involverast. (Foto: Johan Trygve Solheim)


Norsk Hjortesenter inviterer til feltkonkontrollørkurs på Skei i Jølster 7. juni.

Med eit eindagskurs vert du sertifisert til å feltgodkjenne kjøt for sal.

Du får eige feltkontrollørbevis med id-nummer, og vert registrert i feltkontrollør-registeret til Norsk Hjortesenter.

Pris: kr 2490,- (Eindagskurs)

Påmelingsfrist utsatt: Frist er onsdag 5. juni

Lokale: Fastsett i forhold til antallet deltagere og senest mandag 3. juni

Påmelding: Vil du ha kursplass på Skei, betalar du kursavgifta på kr. 2490,- inn til konto 3775.03.20962, og merker innbetalinga ”Feltkontrollør Skei 7. juni”. 

Lunsjmåltid: Ja

Organkontroll: Ja


Hugs også:

I tillegg må du sende en epost til adressa  hjort@svanoy.com.

Den skal innehalde:

Namn

Adresse

Mobiltelefon

Epostadresse

Jegernummer

Fødselsår

Jegernummeret finn du på jegeravgiftskortet ditt, eller du kan kontakte Jegerregisteret og få det opplyst derfrå. Etter at påmeldinga di er registrert og når kursdato nærmar seg, vil du få tilsendt kursopplysningar samt dagsprogram.

Har du spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Norsk Hjortesenter på tlf 57 75 21 80, eller bruk epostadressa  johan@svanoy.com 

Kurset gjennomførast med atterhald om tilstrekkeleg antal deltakarar. Kursavgift refundast ved avlyst kurs. Ved avmelding etter påmeldingsfristen refunderast kun halv kursavgift. Avlyst deltaking som famsetjast mindre enn 24 timer før kursstart gjer ingen refusjon.

FAKTA FELTKONTROLLØR

* Med verknad frå  1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *