Meir blåbær gjev meir hjort i Stryn


Beitetaksering i Stryn viser at terrenget ikkje er overbeita, trass tett hjortebestand over mange år. Og der det er mykje blåbærlyng, der samlast hjorten.

Les meir om beitetakseringa i Stryn utført av Norsk Hjortesenter og Utmarksressursar AS.

hjort bl b rlyng fotoejdBRA BEITE: Undersøkinga syner at hjorten i Stryn samlast lokalt i område med mykje blåbærlyng. (Foto: Egill J. Danielsen)

Beitetaksering i Stryn viser at terrenget ikkje er overbeita, trass tett hjortebestand over mange år. Og der det er mykje blåbærlyng, der samlast hjorten. Norsk Hjortesenter, avdelingskontor Sogndal, har saman med Utmarksressursar AS i Stryn kartlagt beitetilbodet og beitetrykket av hjort i Stryn kommune.

Beitetilbodet er den viktigaste enkeltfaktoren for utbreiinga og tettheit av hjort, og er dessutan av stor betyding for kondisjonen til dyra i bestanden.

Beiteforhold og hjortetettleik heng saman
Beiteforhold er såleis det som avgjer kor stor jaktuttak eit område kan ha og det er spesielt viktig å ha kunnskap om beite i vinteropphaldsområde då det er om vinteren ein opplever lokalt høgast tettleikar av hjort.

– Det er forholdet mellom hjortetettleik og beitetilbod ein må vurdera når ein skal forvalte bestandar bærekraftig og ikkje desse faktorane kvar for seg, seier FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland som er av forfattarar av rapporten saman med Ole Runar Aabrekk.

– Vi hadde eit spesielt fokus på taksering av beitetilbod og beitetrykk på blåbær som er rekna for å vera den sikraste indikatorplanta for å vurdera beitetilbod og beitetrykk. Men også alle treslag i beitehøgd blei taksert, understrekar Hegland. 

Last ned heile rapporten om beitetakseringa (PDF)

Lett til moderat beitepress i Stryn
Beitetilbodet i Stryn ser ut til å vera liknande beitetilbodet andre stader og totalt sett bra, sjølv om einskilde vald nok har litt dårlegare beiteforhold. 

Utifrå takseringa tyder det på at beitetrykket i Stryn tilseier eit beitetrykk på eit nivå frå lett til moderat beita. Høgt beitetrykk finn ein i Stryn lokalt på nivå av einskilde prøveflater og ikkje for heile vald.

– Den store romlege variasjonen understreker at hjorten ikkje er jamt fordelt i landskapet. Sørvendte lier er den arealtypen som har høgast beitetrykk, fortel Hegland. 

Blåbærplanta betyr mykje
– Noko av det mest spannande vi fann i analysane av det innsamla datamaterialet var ei sterk samanheng mellom dekninga av blåbærplanta og hjortetettleik på valdsnivå, som kan betyr at den høgaste tettleiken av hjort i Stryn er i område med mykje blåbærlyng.  

Ifølgje Hegland tyder beitetakseringa på at beitetilbodet totalt sett står i forhold til det beitetrykket og dei tettleikane av hjort ein har i Stryn. Det er gjort konkrete vurderingar av beitetilbod, beitetrykk og eventuelle tiltak for alle valda som var med i undersøkinga.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *