Ida felte sin første hjort på Svanøy


– Heime i elgskogen er det stort sett gamlekarane som rår grunnen, og det er ikkje lett å få innpass, sier Eidsvoll-jenta Ida Benedicte Udengen.

– Jakthelgen for ungdom i starten av desember er en av mine flotteste opplevelser på lenge, sier daglig leder ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

udengen ida benedicte fotojtsIda Benedicte Udengen var en av fire deltakere på gratis jakthelg for ungdom ved Norsk Hjortesenter i starten av desember. (Foto: Johan Trygve Solheim)

 

Klokka er kvart over ti laurdag morgon. Eit rifleskot flerrar den knivskarpe desemberlufta sør om Midtvatnet på Svanøy. Så eit til – før stilla senkjer seg over nyfrosne myrdrag.

Ikkje lenge etter sprakar det i jaktradioen: «Ja, der datt kælven gitt», kjem det på klingande Eidsvoll-dialekt. Ein ny hjortejeger er fødd.

Vanskeleg å få innpass
Ida Benedicte Udengen (22) er på mange måtar ein typisk ung, norsk jeger. Ho er representant for dei stadig fleire unge jentene som tek jegerprøve, investerer i utstyr, trenar for å bli ein god skyttar – men som når jaktsesongen startar, står utan noko godt tilbod å drive storviltjakt.

– Heime i elgskogen er det stort sett gamlekarane som rår grunnen, og det er ikkje lett å få innpass. Å kjøpe seg jakt sjølv er ikkje lett når du er utan inntekt og går på skule, seier ergoterapi-studenten.

Hadde flaks
Difor var ho raskt ute og melde si interesse då Norsk Hjortesenter i september oppmoda alle unge førstegangsjegerar om å ta kontakt og bli med i trekninga om ei gratis helg på Svanøy, med opphald på Svanøy hovedgård, jegeropplæring og retten til å skyte ein hjort under vegleiing av erfarne jegerar.

Interessa var formidabel og over åtti ungdommar frå heile landet melde seg på dei komande vekene og var med i trekninga om dei fire ledige plassane.

(Artikkelen fortsett under biletet)

speiding i terrenget fotojtsGjengen av unge jegerspirer speider etter hjort på Svanøy, ytst i Førdefjorden. (Foto: Johan Trygve Solheim)

– For ei gongs skuld hadde eg flaks, seier Ida stille, der ho sit attmed hjortekalven ho nettopp har skote. Stemninga er andektig. Det som før har vore boklærdom og skytetrening på papp har i løpet av nokre hektiske og spennande minuttar fått eit heilt anna og konkret innhald.

Dei tre andre ungdommane på det ferske jaktlaget kjem til skotplassen, og dei er rause med gratulasjonane og skryter av Ida, som ivrig forklarar hendinga.

Hjortekolla som kom ut or skogen der ho minst ana det, med kalven på slep. Dei raske vurderingane ein jeger må gjere; er bakgrunnen sikker? Er avstand og vinkel ok? Er det rett type dyr som kan fellast? Alt dette skjer i løpet av nokre hektiske sekundar, før skotet går og suksessen er eit faktum.

(Artikkelen fortsett under biletet)

dybing jarle fotojtsJarle Dybing var ein av deltakarane på gratis jakt for ungdom. (Foto: Johan Trygve Solheim)

Etter ein lang fotoseanse, ventar neste post på programmet. Læringskurva er bratt for ein nyslegen hjortejeger, og Ida må sjølv hente fram kniven og starte med utvomming av hjortekalven, rett nok under myndig leiing av Johan Trygve Solheim frå Norsk Hjortesenter. Deretter blir dyret frakta til gardsslakteriet på Hjortesenteret.

Ein liten halvtime seinare er jakta i gang att. Losen går i lia, men det blir stang ut og ingen fleire fellingar på ungdomsgjengen denne dagen.

– Det er ikkje så farleg om vi ikkje får skote noko meir, eg har lært utruleg mykje desse dagane, seier Jarle Dybing, som sjølv har køyrt frå Egersund til Stavanger og teke fly derfrå til Florø for å få vere med på Svanøy-helga.

Ros til ungdommane
– Eg er imponert over desse ungdommane på fleire vis. Dei er audmjuke for det å bli jeger, lære seg nye ting og dei har vist vilje til å leggje ned ein solid innsats i skogen. Eg merkar meg også dei sunne haldningane dei har til det dyreetiske i jakta. Det er fleire situasjonar der dei har kunne skote, men dei lot vere fordi situasjonen ikkje var optimal. Om desse fire er representative for framtidas jegergenerasjonar, så er eg optimist, seier mannen bak det nye jegerrekrutteringsopplegget, Johan Trygve Solheim.

Les enda meir om jakthelga på Firdaposten si nettside.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *