Her vert flest hjortar påkøyrde


NO MED KOMPLETT FAGRAPPORT: Norsk Hjortsenter har på oppdrag frå Statens vegvesen i Sogn og Fjordane rangert dei mest påkøyrsleutsette vegstrekningane i fylket, samt tiltak for redusere talet på kollisjonar. Sjå lista her.

 

hjort_over_veien_fotoejdKRYSSER VEGEN UANSETT: Brei kantrydding og viltgjerde med slusing er mellom tiltaka Norsk Hjortsenter foreslår for å få ned talet på hjortepåkøyrsler i Sogn og Fjordane. ILLUSTRASJONSFOTO: EGILL J. DANIELSEN

Norsk Hjortesenter har på oppdrag frå Statens vegvesen i Sogn og Fjordane rangert vegstrekningar langs riksvegnettet i Sogn og Fjordane i forhold til kor mange hjortepåkøyrsler ulike vegstrekningane har.

-Gjennomføring av ei slik rangering av vegstrekningar med oppfølgjande prioritering og skildring av avbøtande tiltak er unikt i nasjonal samanheng, meiner forfattaren bak rapporten, FoU-leiar ved Norsk Hjortesenter Stein Joar Hegland.

Den tidlegare publiserte rapporten mangla nokre sider. No kan du finne komplett rapport her:

Last ned heile rapporten som pdf.

Data frå Hjorteviltregisteret
Vi nytta registreringar om hjortepåkøyrsler frå det nasjonale hjorteviltregisteret til å kalkulera  årlege påkøyrslerater per km for dei ulike strekningane. Basert på desse påkøyrsleratene kom ein fram til 24 potensielle risikostrekningar langs riksvegnettet der den årlege påkøyrsleraten varierte frå 0.09 til 3 per km.

Dei fem prioriterte strekningane
Norsk Hjortesenter føreslår å prioritera fem strekningar aller høgast no: Brandsøy-Florø (Flora), Lavik-Indre Torvund (Høyanger), Kaupanger-Valeberg (Sogndal), Haugen-Reksneset (Eid), Mo-Moskog-Baubrekka (Førde). Det bør uansett gjennomførast tiltak på alle strekningane på topp-10 lista. Dei andre rangerte strekningane bør utgreiast vidare.

På det som i fleire år har vore den aller verste strekninga, Kaupanger-Amlatunnelen (‘Mannhellervegen’) som har har ei årleg påkøyrslerate på 3 pr km, blei tiltak sett i gang alt sommaren 2011 etter råd frå Norsk Hjortesenter.

– Desse tiltaka ser så langt ut til å ha hatt stor effekt, seier Hegland.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *