Bli med på feltkontrollørkurs i Sogndal 20. april


Bli autorisert feltkontrollør på dagskurs med Norsk Hjortesenter på Campus Fosshaugane i Sogndal fredag 20. april.
 
– Det vert fokus på grundigheit, hygiene og høg kvalitet. Dette er eit teorikurs, men det vert og lagt opp til praktisk organkontroll. Foredragshaldarar kjem frå Mattilsynet og Hjortesenteret, fortel FoU-leiar Stein Joar Hegland.

  feltkontroll__rkurs_flesland_23_mar_12__i_fotoejdORGANINSPEKSJON: Kjell Aasen og Svein Rimestad fra Mattilsynet syner fram fleire sjuke dyreorgan, her ein lever med leverikter. Feltkontrollørane skal lære å skille ein sjuk hjort frå eit friskt dyr. Biletet er frå Norsk Hjortesenters forrige feltkontrollørkurs på Flesland i mars. (FOTO: EGILL J. DANIELSEN)

   
Bli autorisert feltkontrollør på dagskurs med Norsk Hjortesenter på Campus Fosshaugane i Sogndal fredag 20. april.

– Det vert fokus på grundigheit, hygiene og høg kvalitet. Dette er eit teorikurs, men det vert og lagt opp til praktisk organkontroll. Foredragshaldarar kjem frå Mattilsynet og Hjortesenteret, fortel FoU-leiar Stein Joar Hegland.

Hegland seier det er mange som har spurt om moglegheitene for å få lagt eit slikt kurs til indre Sogn. Kva er då mer naturleg enn å legge det til Høgskulemiljøet?

 
– No vil folk ha lekkert kjøt
 – Det handler om å auke kunnskapen og kvaliteten på haustinga av ein stor og fornybar naturressurs. Eigentleg utruleg at ikkje dette er ein obligatorsik del av jegerutdanninga når ein veit kor mykje hjortevilt som blir felt her i Noreg.
Forbrukarar i dag – også dei i din eigen familie – er meir kresne på kjøtkvalitet enn før i tida. Hjorten skal smake mildt og godt. Ikkje skarpt slik det kan verte om ein har mangelfull kunnskap om handtering av slaktet. Han legg til at vald og jaktlag som ikkje plar selje kjøt også har stort utbytte av eit slikt kurs.

 
For dei som ønskjer å fordjupe seg endå meir og å få meir praktsis, vert eit praktisk slakte- og parteringskurs ved anlegget til Norsk Hjortesenter på Svanøy helga 27.-29. april.

 
Prisar:

Feltkontrollørkurs, ordinær: kr 2500,-

Feltkontrollørkurs, spesialpris studentar: kr 1500,-

 

Lokalitet:

Campus Fosshaugane, Stadionbygget (Auditorium 1. etg) – like ved inngang til NRK.
Dato: 20. april
Tid: kl 08.30-16.30

 
Påmelding:
Om du ønskjer å ta del i dette feltkontrollørkurset kan du følge instruksjonane under:
 

– Du betalar kursavgifta på kr. 2500,- inn til konto 3775.03.20962, og merkar innbetalinga ”Feltkontrollør Sogndal”. Er du student betalar du berre 1500,- for dette kurset, og er noko me har bestemt for å søkja å trekke med oss og dei yngre jegerane sier Hegland. Husk likevel kravet om minst 5 års jakterfaring og deltaking ved slakting av minst 20 hjortevilt.
Du får eige id-kort som identifiserer deg som feltkontrollør.

  
Hugs også:

I tillegg må du sende ein e-post til adressa hjort@svanoy.com. Den skal innehalde:

  
  • Namn
  • Mobiltelefon
  • Epostadresse
  • Jegernummer
  • Fødselsår

 

Jegernummeret finn du på jegeravgiftskortet ditt, eller du kan kontakte Jegerregisteret og få det opplyst derfrå. Etter at påmeldinga di er registrert og når kursdato nærmar seg, vil du få tilsendt kursopplysningar samt dagsprogram.

 
Den som treng overnatting i samband med kurset, ordnar dette sjølv. Dersom kursdatoen ikkje passar for deg, kan du likevel ta kontakt og melde interesse for kurs. Ein vil då bli informert
fortløpande om komande kursdatoar og lokalitetar så snart dei er fastlagde.

 
Har du spørsmål om dette kurset, ta kontakt med FoU-leiar Norsk Hjortesenter på mobilnummer 41501553, eller bruk e-postadressa sjh@svanoy.com

 
Kurset vert arrangerte med atterhald om nok deltakarar.

 
FAKTA FELTKONTROLLØR

 
  • Med verknad frå  1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.
  • Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.
  • For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt. Jegeren må da ha stått i jegerregisteret i minst 5 år.
  •  På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *