Kommunane vert viktigare i forvaltninga


Ny hjorteviltforskrift i kraft frå 15. februar. Meir ansvar til kommunane.

– Den største endringa vert at kommunane no må lage målesettinger for forvaltninga. Så langt har kommunane vore for lite engasjerte i dette og overlete det for mykje til rettshavarane, seier seniorrådgiver Erik Lund i Direktoratet for naturforvaltning (DN).

hjortefall2BESTANDSPLANOMRÅDE: Eit nytt omgrep innførast i den nye hjorteviltforskrifta. Viltet skal no forvaltast meir i samsvar med utbreidinga av dei naturlege bestandane. FOTO: JOHAN TRYGVE SOLHEIM

Kommunane speler ei viktig rolle i forvaltninga av hjort og andre hjortevilt. Per 15 februar trer ny hjorteviltforskrift trer i kraft.

Kommunane skal framover utarbeida mål for korleis hjorteviltbestandene skal utvikle seg. Slike kommunale målsettinger skal være både målbare og etterprøvbare. Kommunane sitt ansvar dekker alt frå å forvalte fordelane til å forvalte ulempene av hjorteviltbestandane.

Meir planmessig
Arbeidet spenner frå opplevingsverdiar knytt til jakt og turisme, via utfordringar knytt til jaktrettshavernes rettar og rettssikkerheit ved å fastsette forskrifter og fatte enkeltvedtak,  ansvar knytt til biologisk mangfold og arealbrukskonfliktar knytt til trafikkproblematikk og landbruk

– Kommunane har lenge hatt det lokale ansvaret for alle offentlege interesser knytta til hjorteviltet. Den reviderte forskrifta videreutvikler og framhever kommunane si rolle, og legg samstundes opp til at forvaltninga skal verte meir planmessig, seier Erik Lund.

Den reviderte forskriften legg også opp til eit auka ansvar for lokale grunneigarar og andre jaktrettshavarane og det er desse som har ansvaret for organisering og tilrettelegging av jakt og forvaltningstiltak i kvart vald. Bestandsplanlegginga legg no opptil årlege avskytingsplanar for å sikre planmessigheiten mot tre til fem år i dag.

Bestandsplanområde
Forskrifta innfører også omgrepet  «bestandsplanområder». Slike områder skal i større grad vera lik areala dei lokale bestandane faktisk bruker. Slike bestandsplanområde kan dannast av fleire eksisterande vald slik at ein ikkje treng ta vegen om danning av nye vald.

– Norsk Hjortesenter har kompetanse på rådgjeving av både kommunar og jaktrettshavarar. Ta kontakt for å få vite meir om vårt tilbod innan dette feltet, seier dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

Les meir på Direktoratet for Naturforvaltning sine nettsider.

Last ned heile den nye forskrifta her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *