Feltkontrollørkurs i Bergen 23. mars


Bli autorisert feltkontrollør på dagskurs med Norsk Hjortesenter på Flesland fredag 23. mars.

– Det vert fokus på grundigheit og høg kvalitet. Foredragshaldarar kjem frå Mattilsynet og Hjortesenteret, fortel dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

hjort_slakt_feltkontroll__rKVALITETSKJØT: Det vert nye mogelegheiter også for hordalendingar som enno ikkje har teke feltkontrollørkurs. (FOTO: JOHAN TRYGVE SOLHEIM)

Norsk Hjortesenter inviterer til feltkonkontrollørkurs på Clarion Bergen Airport Hotel fredag 23. mars. Kurset vert arrangert parallelt med konferansen «Hjort i Vest» som går fredag 23. og laurdag 24. mars. 

– Med dette dagskurset vert du sertifisert til å godkjenne viltkjøt for sal. Du får personleg legitimasjon og eiget id-nummer, slik at kjøtet du godkjenner alltid kan sporast attende til deg som kontrollør, forklarer dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim. 

– No vil folk ha lekkert kjøt
Han legg til at vald og jaktlag som ikkje plar selje kjøt også har stort utbytte av eit slikt kurs.

– Det handler om å auke kunnskapen og kvaliteten på haustinga. Forbrukarar i dag – også dei i din eigen familie – er meir kresne på kjøtkvalitet enn før i tida. Hjorten skal smake mildt og godt. Ikkje skarpt slik det kan verte om ein har mangelfull kunnskap om handtering av slaktet.

Påmelding:
Dei som ønskjer å melde seg på Feltkontrollørkurset fredag 23. mars kan delta på «Hjort i Vest» frå feltkontrollørkurset er ferdig, omlag klokka 17 og utover heile resten av konferansen.

Påmelding til Feltkontrollørkurs skjer direkte til Norsk Hjortesenter på denne mailadressa: ejd@svanoy.com 

Feltkontrollørkurs, 23.mars: kr 2500,- (eindagskurs)

Vil du ha kursplass i Bergen, betalar du kursavgifta på kr. 2500,- inn til konto 3775.03.20962, og merkar innbetalinga ”Feltkontrollør Bergen”. (Ønskjer du å ta del på både Feltkontrollørkurset og «Hjort i Vest» melder du deg på separat begge plasser.)

Hugs også:

I tillegg må du sende ein epost til adressa ejd@svanoy.com

Den skal innehalde:

Namn

Adresse

Mobiltelefon

Epostadresse

Jegernummer

Fødselsår

Jegernummeret finn du på jegeravgiftskortet ditt, eller du kan kontakte Jegerregisteret og få det opplyst derfrå. Etter at påmeldinga di er registrert og når kursdato nærmar seg, vil du få tilsendt kursopplysningar samt dagsprogram.

Dersom kursdatoen ikkje passar for deg, kan du likevel ta kontakt og melde interesse for kurs. Ein vil då bli informert fortløpande om komande kursdatoar og lokalitetar så snart dei er fastlagde.

Har du spørsmål, ta kontakt med kommunikasjonsleiar ved Norsk Hjortesenter på tlf 900 25 780, eller bruk epostadressa ejd@svanoy.com 

Kurset vert arrangert med atterhald om nok deltakarar.

FAKTA FELTKONTROLLØR

* Med verknad frå  1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.