KONFERANSE I BERGEN: Korleis tene pengar på hjorten?


HJORT I VEST: I to heile dagar vil Clarion Bergen Airport hotel være sterkt prega av Vestlandets storvilt; hjorten.

I samarbeid med Norsk Hjortesenter inviterer nemleg Fylkesmannen og Fylkeskommunen i Hordaland 23.-24. mars til storseminar om hjorten – blant annet hvordan bruke den som næringsgrunnlag.

HJORT I VEST: Fylkesmann og fylkeskommune inviterer til konferanse om hjort som næringsgrunnlag i Bergen 23-24. mars, med godkjenningskurs for feltkontrollørar og konferansebolkar om bestandsforvalting og næringsutvikling.

Fyrste dagen er tema lokal og regional forvalting av hjortestamma, med innlegg av nasjonale ekspertar innan biologi og økologi, jakt og jegerutdanning samt beiteskadeproblematikk.

Feltkontrollørkurs og praktisk prøve
For dei som ynskjer ei meir direkte tilnærming til jakt, kjøthandsaming og –sal, arrangerer Norsk Hjortesenter eit kurs for godkjenning av feltkontrollørar parallelt med konferansen sin fyrste dag. Feltkontrollørane vil få godkjenningsmynde av Mattilsynet, slik at dei kan inspisere og godkjenne kjøt frå felde dyr til lokal omsetnad, noko som vil vere eit godt utgangspunkt for verdiskaping knytt til jakt, i form av sal til forbrukar eller restaurant, foredling av kjøt mm.

hjort_1

Næringsutvikling
Andre dagen er tema næringsutvikling basert på jakt og hjortekjøt. Sentrale emne er marknadsføring og marknadstilpassingar for å lukkast med kommersiell hjortejakt. Hjortekjøt som råvare i restaurantnæringa og demonstrasjon av slakting og partering av hjort gir meir praktisk innføring i verdikjeda.

Program og påmelding
Konferansen rettar seg mot representantar frå lokal forvaltning, rettshavarar, jegerar, reiselivsaktørar, bønder og andre med interesse for hjort og hjortejakt. Den er planlagt i tett samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, som i tillegg til feltkontrollørkurset står for fleire av dei faglege innlegga på konferansen.

Program for konferansen finn du her

Arrangørane prioriterer interesserte deltakarar på begge konferansedagar med redusert pris for todagarspakke, for å fremje kontakt mellom fagmiljø/forvaltning og bønder/jegarar. Tilbodet om redusert pris gjeld for påmelding fram til 1. mars 2012. Redusert pris på todagarspakke er 2.145,- / 1.755,-.

Meld deg på konferansen her (nederst på sida du kjem til)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *