Hellstrøm med Vestlands-elg på menyen

Torsdag 27. oktober stod elgkjøt på menyen når Eyvind Hellstrøm nok ein gong ryddet opp på eit norsk heimekjøken. Opptaksdatoen var sett til 21. september i år – og ingen hadde tenkt på at elgjakt-starten på Austlandet låg fleire veker fram i tid. Løysinga blei å sjå mot Vestlandet og Norsk Hjortesenter. Hva kunne vi bidra med?

 

 

Eivind Hellstrøm slår gjerne eit slag for norsk viltkjøtMED ELG FRÅ ÅRDAL: Når stjernekokk Eivind Hellstrøm rydda opp heime den 27. oktober på TV3, var det høgfjellselg frå Årdal som står på menyen. Foto: Johan T. Solheim.Eivind Hellstrøm sitt nye tv-konsept “Hellstrøm rydder opp – hjemme”, har vist stjernekokken frå ei litt anna side enn då han i fjor fòr som ein bulldozar over haltande restaurantkonsept rundtom i Norge. I den nye serien er det Hellstrøm som inspirator du møter, anten han skal hjelpe unge studentkollektiv til ein sunnare livsstil, eller prøve å gi drahjelp til perfeksjonistar som så gjerne vil – men som ikkje får det til.

Glad som han er i viltkjøt, var det naturleg at ein av episodane hadde norsk vilt som hovudråvare. Men då produksjonsteamet bestemte seg for elgkjøt og sette opptaksdato til 21. september, skapte det visse utfordringer.

– Hellstrøm var litt stressa då han ringde og spurde om det kunne skaffast ferskt, vilt elgkjøt 21. september, humrar leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim. Som kjent startar ikkje elgjakta i Norge før anten 25. september eller 5. oktober. Men det finst unntak, nemleg på Vestlandet.

– Det blir ikkje skote mange elgar i Sogn og Fjordane, men nokre blir det kvart år, og då særleg inne i Sogn. Vi kontakta jegerar som drog til fjells 10. september på kombinert elg- og hjortejakt, og løysinga kom då Brølebukken Jag og Smygarlaug i Årdal felte elg allereie første jaktdagen.

Elgen blei skoten høgt til fjells, feltkontrollert og bore heim til gards. Deretter blei eit elglår sendt til Norsk Hjortesenter for kontrollert mørning på kjøl.

– Vi fekk det ferdig til bruk eit par dagar før opptaksdato, og ekspress-sende det med Posten til Halden og Fritz Anker-Rasch som var den lokale kontaktpersonen vår.

 

Hellstrøm sitt program der elgkjøt ble servert ble første gang sendt torsdag 27. oktober klokka 20.00. For å se programmet kan du klikke i her!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *