Nytt feltkontrollørkurs i Florø 11. november

Etterspørselen etter Norsk Hjortesenter sine feltkontrollørkurs har vore stor. Meir enn 350 jegrar har teke kurset så langt.
 

No er det duka for eindagskurs i Florø, og for dei som verkeleg vil bli ekspertar på kjøtbehandling: påfølgande slakte- og parteringskurs på Svanøy 11.-13. november.

hjort_slakt_feltkontroll__r
  Mange skrottar har vorte merka av feltkontrollørar denne hausten. (Foto: Johan Trygve Solheim)

Det er altså snakk om to kurs tett i tett. Du vel sjølv om du ønskjer å ta berre eitt av dei, eller begge.
Feltkontrollørkurset vil gå føre seg i Florø frå fredag morgon og ut på ettermiddagen. Sjå heile programmet her. For dei som skal vidare på slaktekurs går turen om kvelden til Svanøy og Norsk Hjortesenter. I løpet av helga får du djuptpløyande undervisning og praktisk øving i slakting, grovpartering og finpartering av hjort. Les meir om slakte- og parteringskurset her.

Påmelding feltkontrollør:
Om du ønskjer å ta del i berre feltkontrollørkurset kan du følge instruksjonane under:

Vil du ha kursplass i Florø, betalar du kursavgifta på kr. 2500,- inn til konto 3775.03.20962, og merkar innbetalinga ”Feltkontrollør Florø”. Ønskjer du å ta del i både feltkontrollørkurset og slakte- og parteringskurset er det rabatt å hente: Då betalar du kr 2000,- i staden for 2500,- for det første av kursa.

I tillegg må du sende ein epost til adressa hjort@svanoy.com.

Den skal innehalde:

Namn

Adresse

Mobiltelefon

Epostadresse

Jegernummer

Fødselsår

Jegernummeret finn du på jegeravgiftskortet ditt, eller du kan kontakte Jegerregisteret og få det opplyst derfrå. Etter at påmeldinga di er registrert og når kursdato nærmar seg, vil du få tilsendt kursopplysningar samt dagsprogram.

Den som treng overnatting i samband med kurset, ordnar dette med hotellet sjølv. Dersom kursdatoen ikkje passar for deg, kan du likevel ta kontakt og melde interesse for kurs. Ein vil då bli informert fortløpande om komande kursdatoar og lokalitetar så snart dei er fastlagde.

Har du spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Norsk Hjortesenter på tlf 57 75 21 80, eller bruk epostadressa johan@svanoy.com  

Kursa vert arrangerte med atterhald om nok deltakarar.

FAKTA FELTKONTROLLØR

* Med verknad frå  1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.