– Viltkjøt er inga giftbombe

Sist vekes mange medieoppslag om at det kan vere risikosport å ete viltkjøt frå norske skogar, bør takast med ei solid klype salt.

Det meiner Svend Arne Vee, kommunikasjonsansvarleg ved Norsk Hjortesenter på Svanøy.

 

 

Hjortejakt i Sunnfjord hausten 2011.I FEIL ENDE: – Når forskarar er uroa for at det å ete viltkjøt er helseskadeleg, bør dei først undersøke jegerar som har ete dette kjøtet i mannsaldrar, seier Svend Arne Vee hos Norsk Hjortesenter på Svanøy. Foto: T. SkarsteinKan bly frå riflekuler nærast øydelegge store delar av eit storviltslakt som elg, hjort eller villrein, og gjere det ueigna som menneskeføde?

– Nei, meiner Svend Arne Vee ved Norsk Hjortesenter, som ber forskarar, veterinærar og media om å sjå på kva som finst av viten på feltet før ein skremmer opp både jegerar, familiane deira og andre som et viltkjøt.

– No har vi hatt to granskingar dei siste to åra som begge konkluderer med at det finst blyverdiar i delar av kjøtet som finst i norske jegerar sine fryseboksar.  Det undrar meg likevel at desse funna ikkje blir sett opp mot forskingsresultat frå utlandet på nettopp same tema. Det finst granskingar med langt større utval personar og som har pågått mykje lengre, som dels gir andre konklusjonar og råd enn det vi no får servert, seier han.

Vee peikar også på at inntak av metallisk bly gjennom mat ikkje betyr at dette blyet blir verande i kroppen. Tvert om blir det skilt raskt ut, og det finst ingen dokumentasjon på at folk har fått helseskader som følgje av å ete viltkjøt.

– Eg finn det underleg at forskarane startar i fryseboksen til jegerane. Dei har 100.000 levande storviltjegerar dei heller kunne undersøke for om dette faktisk er eit problem eller reinspikka konstruksjon, seier han.

Les meir om saka i denne artikkelen frå Norsk Hjortesenter.