Lettvint om tungmetall på jakt

 

Svend Arne Vee
Stiftelsen Norsk Hjortesenter, Svanøy

Å få metallisk bly i kroppen er ikkje sunt. Spør berre dei rundt 120.000 hjortevilta i Norge som kvart år døyr av akutt blyforgiftning, i form av å bli treft av ei kule frå ein jegers våpen. Dei siste åra har det, like sikkert som at jakta nærmar seg, blitt stillt spørsmålsteikn frå eksperthald om blyet som avlivar hjorteviltet, også er meir skadeleg for oss som sit eit steg høgare opp i næringskjeda, enn kva vi har trudd tidlegare.

Det vekte oppsikt i fjor då veterinær Jon M. Arnemo la fram sine forskingsresultat, som konkluderte med at ein burde vere varsam med å ete storviltkjøt frå norske skogar som var avliva med tradisjonelle jaktkuler, då blyfragment frå kulene spreidde seg i kjøtet og dermed kom inn som ein uønskt del av kosthaldet til jegerfamiliar. Både metodikk og konklusjonar i undersøkinga blei utfordra, og utover vinteren døydde diskusjonen ut.

No er to nye aktørar på bana, med ei undersøking som støttar opp under Arnemos resultat frå 2010. Veterinærane Eric Henrichsen og Morten Lindbo har fått mykje mediemerksemd dei siste dagane med si gransking av kjøtdeig frå 52 utvalde frysarar hos norske elgjegerar. Blyfunn i opp mot 80 prosent av testpakkene, og verdiar som dels ligg godt over tilrådde grenseverdiar er godt mediestoff. At både Aftenposten og andre riksaviser presterer å framstille det som om det finst bly i 80 prosent av viltkjøtet frå norske fryseboksar, når realiteten er at det er funne bly i 80 prosent av kjøtdeigpakker, får stå for deira prosentrekning. Det skulle i så fall tilseie at norske jegerar sender ein elg på 250 kilo gjennom kverna og lagar kjøtdeig av heile dyret. Heldigvis er ikkje utnyttinga av det flotte norske viltkjøtet så håplaus.

Det er både betenkeleg og trist at slik forsking ikkje blir sett i eit større kontekst når konklusjonar blir presentert. Artiklane i media dei siste dagane er basert på ein studentrapport frå Veterinærhøgskulen som ikkje ein gong er offentleggjort enno. Å gå ut og starte ein offentleg debatt på arbeidet ein har gjort, som ekspertkjelde i media, utan å gjere forskingsresultata sine tilgjengeleg samstundes, strir i realiteten mot forskinga sine prinsipp.

Tar ein bort skylappane og gjer handverket som journalist, bør jo første prioritet vere å få sjå den faktiske rapporten, og deretter vurdere desse norske funna opp mot andre undersøkingar og forskingsprosjekt innan problematikken blyforureining. Dei to norske granskingane er slett ikkje unike; i andre land har det vore forska lenge og i langt større skala på problematikken blyavsetning i viltkjøt. Og konklusjonane er langt på veg annleis.

Ein god start for å skaffe seg meir kunnskap, kan vere å lese den engelske veterinæren Peter Green si kunnskapssamanstilling omkring problemet, produsert i 2009. Den finst tilgjengeleg for alle som beherskar eit Google-søk. Her har Green samla og bearbeidd den viktigaste forskinga på feltet, og konkluderer i kortversjon slik:

* Blynivå i blod, bein og muskulatur hos mennesker har falle radikalt dei siste 40 åra, der fjerning av blytilsetting i drivstoff har gitt den største positive effekten.

* Ved å skjære bort kjøtt rundt 30 cm i radius frå skotsåret på eit hjortevilt, vil kjøtet vere heilt risikofritt å ete med omsyn til blypartiklar.

* Dersom du et blyhaldig kjøt, vil det auke blyverdiane i blodet ditt som kan overstige fastsette grenseverdiar. Men blynivået i blodet vil i løpet av få dagar gå tilbake til det normale, og ingen forsking har påvist at dette utgjer ein helserisiko.

* Dersom framtidig forsking skulle påvise at sjølv svært små blymengder i kroppen utgjer ein helserisiko for menneske, er sannsynlegheita mykje større for at du blir ”blypåverka” gjennom andre ureiningskjelder enn viltkjøt. Ei gransking utført i Nord-Dakota i USA konkluderer mellom anna med at du har større sjanse enn ein jeger/viltkjøtetar for å få bly i blodbana dersom du har båt- eller bilmekking som hobby, eller om du til dagleg bur i eit hus bygd før 1949.

Biletet er med andre ord meir samansett enn kva dei to norske granskingane vi har fått servert gir inntrykk av. Eigen forsking må alltid setjast i perspektiv, også i media. Når presentasjonen av desse resultata blir ytterlegare forenkla i media, kan ein fort ende med at viltkjøt, som i utgangspunktet er ein sunn, kortreist, økologisk og bærekraftig ressurs, blir mistenkeleggjort blant forbrukarane. Det vil i så fall vere synd, sidan norske storviltbestandar er rekordhøge og blir beskatta kraftig – med den hyggelege konsekvensen at viltkjøt i dag er blitt tilgjengeleg i langt større grad enn tidlegare.

Vi har allereie innført eit forbod mot bruk av bly ved jakt på småvilt med hagle, eit forbod som no blir utfordra av tunge organisasjonar som Norges Jeger og Fiskerforbund. Mange meiner forbodet i si tid var tungt politisk motivert. Vi håpar ikkje at ufullstendig og dels feilaktig informasjon skal vere med å danne grunnlaget for eit nytt blyforbod i norske fjell og skogar. Det betyr ikkje at vi skal stikke hovudet i sanden når det gjeld ny kunnskap som utfordrar gamle sanningar. Som både Arnemo og andre påpeikar, finst det i dag alternativ til blyfri storviltammunisjon, som ein del meiner er eit fullgodt alternativ til bruk på jakt. Utviklinga har gått raskt dei siste åra, og truleg vil fleire enn dagens fem prosent av jegerane, bruke slik ammunisjon i framtida. Poenget er at om ei slik utvikling skal framskundast gjennom nye lover og forskrifter, må den vere basert på fakta, ikkje symbolpolitikk.

Eit anna spørsmål som melder seg, er kvifor rekkjefølga er som den er når temaet blir problematisert. Kvifor startar forskarane med å leite i jegerane sine fryseboksar etter faremomenta, når det spaserer over 100.000 sprell levande storviltjegerar frå tre, fire generasjonar rundt i norske skogar? Ville det ikkje vore naturleg å helsesjekke desse opp mot ei referansegruppe som ikkje et viltkjøt, eventuelt nytte dei gode helseregistera som finst i Norge? Med ein slik framgangsmåte kan  forskarane og styremaktene eventuelt konstatere eit problem og ta grep –  heller enn å konstruere eit som kanskje ikkje finst.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *