Over 300 feltkontrollørar klare for skogen

Sidan mai månad har Norsk Hjortesenter utdanna godt over 300 feltkontrollørar av hjorteviltkjøt. Jaktsesongen er i gang, og dei første feltkontrollerte dyra i Sogn og Fjordane og Hordaland er alt på veg til lokale konsumentar. I denne saka finn feltkontrollørane dei siste oppdaterte føredraga frå sist kurs, som blei halde i Høyanger 8. september.

 

 

Slakting av villreinMEIR KJØT TIL FOLKET: Med over 300 nyutdanna feltkontrollørar, som no kan selje kjøt direkte til forbrukar og lokal detaljist, burde det vere betre sjanse å få sikra seg sunt og kortreist viltkjøt i Sogn og Fjordane og Hordaland i løpet av hausten. Foto: Johan Trygve Solheim.Etter det Norsk Hjortesenter kjenner til, har fleire hotell i fylket allereie inngått kjøpsavtalar med lokale jaktlag som har godkjende feltkontrollørar i sine rekkjer. Det betyr at hotell som tidlegare importerte kjøt frå både Danmark og New Zealand, no kan by gjestene sine på kortreiste råvarer, hjort som kanskje er felt i lia eit steinkast unna hotellrestauranten.

– Dette er gledeleg, og om dette blir trenden, har vi nådd eit viktig mål med ordninga, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

I skrivande stund blir det lagt planar for nye kurs både i Hordaland og Sogn og Fjordane, men ingen dato eller stad er heilt avgjort enno. Truleg blir det kurs både i november og desember, og dei vil bli gjort kjent gjennom hjortesenteret sine eigne sider, samt i lokale media.

– I påvente av å kome seg på kurs, kan interesserte gjerne lese seg opp litt på førehand, gjennom å ta ein titt på SNH og Mattilsynet sine føredrag, oppmodar Solheim.

Ein del endringar, justeringar og presiseringar har kome til undervegs, sidan det første kurset blei halde i Førde i mai. Difor vil det også vere nyttig for allereie godkjende kontrollørar å ta seg ein leserunde gjennom føredraga i botn av denne teksten. Det er også utarbeidd ei ny sjekkliste for feltkontrolløren, som ikkje alle kontrollørane har stifta bekjentskap med enno. Det kan dei gjere no, og gjerne printe ut lista som eit hjelpemiddel i felten.

– Fleire kontrollørar signaliserer allereie at dei treng meir kontrollsetlar. Det er berre å sende ein bestilling på hjort@svanoy.com, så vil vi etterfylle så raskt som mogleg, seier Solheim.

 

pdf Bakgrunn og formål.pdf

pdf Eldre skadar på hjortevilt.pdf

pdf Hygiene og mikrobiologi.pdf

pdf ante- og post mortem.pdf

pdf Gjennomgang av standard.pdf

pdf Kjøtkvalitet.pdf

pdf Miljøgifter.pdf

pdf Praktisk kjøthandtering og hygiene.pdf

pdf Regelverk.pdf

pdf Sjukdomar – patologi.pdf

pdf 110920 Sjekkliste feltkontrollør.pdf

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *