Oppdretts-guru kjem til Svanøy til våren

10.-12. april 2012 er det klart for nytt kurs i praktisk hjorteoppdrett hjå Norsk Hjortesenter på Svanøy. Til kurset kjem John Fletcher (biletet) og kona Nichola Fletcher for å bistå. Det skotske ekteparet er blant verdas framste på hjorteoppdrett og nytenking rundt hjorten som råvare.

 

 

the_fletchers_2SERIOUSLY GOOD: Nichola Fletcher er kjend som “The Venison Cook” i Skottland, og er ein svært ettertrakta kokk, føredragshaldar og skribent. Til våren kjem ho til Svanøy i lag med ektemannen og oppdrettaren John Fletcher, for å lære bort til norske oppdrettarar.

 

Interessa for hjortefarming er aukande i Norge, og pågangen for kurs i hjorteoppdrett har vore stor den siste tida. Innan utgangen av 2011 kjem ein truleg til å runde 80 registrerte oppdrettarar her til lands, og stadig fleire er nyfikne på kunnskap om kva som må til for å kome igang som hjorteoppdrettar.

No er det endeleg beramma nytt kurs på Svanøy, og datoen er sett til 10.-12. april 2012. Vårens kurs blir noko spesielt, då dagleg leiar Johan Trygve Solheim har fått stadfesta at John Fletcher tek turen frå Skottland for å bistå med føredrag, tips og gode råd til kursdeltakarane.

– John er ein av verdas framste når det gjeld kunnskap og erfaring om hjorteoppdrett. Det betyr at kurset i høgste grad også er aktuelt for dei som allereie har kome igang med oppdrett, seier leiaren ved Norsk Hjortesenter.

Tidlegare FEDFA-leiar

Fletcher har til liks med Solheim sitte som president i Federation of European Deer Farmers Association (FEDFA) og dei kjenner kvarandre frå før. Dermed skulle det ikkje mangle på fagkompetanse for kursdeltarane.

– Vi er også så heldige at kona til John, Nichola Fletcher, har høve til å bli med. Ho er eit svært kjend ansikt i Skottland, og få om nokon har betydd så mykje som Nichola når det gjeld å marknadsføre hjortekjøt som god råvare i heimlandet. Ho har skrive ei rekkje kokebøker, held mange slags matshow i media og er ein framifrå og nyskapande kokk, så her kan deltakarane berre gle seg, seier Solheim.

 

Begrensa kapasitet

Du kan lese meir om prosjekta til John og Nichola Fletcher på nettsida www.seriouslygoodvenison.co.uk.

Kva organisasjonen FEDFA bidreg med for hjorteoppdrettarar, finst det meir informasjon om i denne linken.

Informasjon/påmelding til oppdrettskurset på Svanøy skjer via epost hjort@svanoy.com, og påmelding til kurset kan skje via vår Nettbutikk!

– Vi kjem til å ta imot påmeldingar etter “først til mølla”-prinsippet, og det er avgrensa med plassar på denne type kurs. Difor bør folk melde interesse så tidleg som mogleg for å vere sikra plass, oppmodar Solheim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *