Gode tilbakemeldingar på Hjort 2011

Med brei anlagt tematikk, gode førelesarar og eit vestlandsver som viste seg frå si beste side, blei Hjort 2011 ein suksess. No kan du laste ned og fordjupe deg i føredragshaldarane sine presentasjonar under dei to seminardagane i Florø 31. august og 1. september.

 

 

hjortebukk på SvanøyENGASJERER: Vestlandet storvilt nummer ein, og forvaltninga av hjorten, trekte rundt 100 deltakarar til Florø i månadsskiftet. Hjort 2011 har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane.Rundt 100 deltakarar, beståande av lokale viltforvaltarar, grunneigarar og jegerar deltok under Hjort 2011 i Florø. Tilbakemeldingane på seminaret frå deltakarar, utstillarar og føredragshaldarar har vore svært god, noko som gler dagleg leiar av Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

– Det verkar som vi har treft godt med tematikk, og særleg dei elementa der vi har prøvd å sjå utfordringane med ei veksande hjortestamme i eit større samfunnsmessig perspektiv. Bidraga frå dei to gjesteførelesarane frå Skottland fekk mykje positiv tilbakemelding og trigga forsamlinga til diskusjon og debatt, og det er bra, seier Solheim.

 

Også den “opne” delen av seminaret trekte bra med folk. Rundt 130 unge og gamle jegerar møtte opp i Flora samfunnshus tysdag 29. august, og fekk med seg ein engasjert jaktfilmprodusent Kristoffer Clausen sitt føredrag, før turen gjekk til Hagen og hjortepub-samling.

Sjølv om Solheim kunne tenkt seg endå fleire deltakarar, er han likevel godt nøgd med Hjort 2011.

– Vi kunne kanskje trekt nokre til om vi tok Hjorteseminaret ut på turne igjen, slik vi gjorde for ein del år sidan. Dette vil vi vurdere under evalueringa. Vi må også sjå på tidspunktet for seminaret. Til no har vi samlast i månadsskiftet august/september, men det kan bli eit vanskeleg tidspunkt når hjortejakta frå neste år truleg kjem til å starte 1. september, seier Solheim.

I dokumenta under finn du føredraga som blei halde under Hjort 2011.

pdf Avskytingsregimer – Vebjørn Veiberg

pdf Nattjakt – Ingebrigt Stensaas, DN

pdf Nattjakt – NJFF v Tore Larsson

pdf Hjortetrekk og skala – Erling Meisingset

pdf Rekruttering til jakta – Kjell Huseby

pdf Deer and Ticks – Rory Putman 

pdf Feltkontrollørordninga og vegen vidare – Johan T. Solheim, SNH

pdf Korleis leve med flåtten – Jan Helge Dale.pdf

pdf Jakttider og kalveskyting – Erik Lund, DN

pdf Deer Management – Mike Cottam, Scottish Nat. Heritage

 

 

 


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *