Feltkontrollørkurset kjem til Høyanger

Torsdag 8. september får hjortejegerane i Ytre Sogn sjansen til å skolere seg som feltkontrollørar for hjorteviltkjøt. Staden er Øren Hotell i Høyanger, og med godkjend kurs kan jegerar og jaktlag bidra til å få hjortekjøt ut til vanlege butikkundar, hotell og restaurantar.

 

 

villhjort_svaoyNYTT KURS: 8. september er det klart for kurs i feltkontroll av hjorteviltkjøt i Høyanger. Foto: Johan T. Solheim– Vi skipar dette kurset etter påtrykk frå jaktmiljøa i Høyanger og Balestrand, som har mange interesserte. Men sjølvsagt ønskjer vi alle jegerar som fyller krava velkomne. Vi kjem til å praktisere ”først til mølla”-prinsippet  når det gjeld påmelding, seier Johan Trygve Solheim frå Stiftelsen Norsk Hjortesenter.

Ønskjer du kursplass i , betalar du kursavgifta på kr. 2920,- inn til konto 3775.03.20962, og merkar innbetalinga ”Feltkontrollør Høyanger”. I tillegg må du sende ein epost til adressa hjort@svanoy.com.

Den skal innehalde:

Namn

Adresse

Mobiltelefon

Epostadresse

Jegernummer

Fødselsår

Jegernummeret finn du på jegeravgiftskortet ditt, eller du kan kontakte Jegerregisteret og få det opplyst derfrå. Etter at påmeldinga di er registrert og når kursdato nærmar seg, vil du få tilsendt kursopplysningar samt dagsprogram.

Den som treng overnatting i samband med kurset, ordnar dette med hotellet sjølv. Dersom kursdatoen ikkje passar for deg, kan du likevel ta kontakt og melde interesse for kurs. Ein vil då bli informert fortløpande om komande kursdatoar og lokalitetar så snart dei er fastlagde.

Har du spørsmål, ta kontakt med kommunikasjonsansvarleg Svend Arne Vee på tlf 90847465, eller bruk epostadressa sav@svanoy.com.

 

FAKTA FELTKONTROLLØR

* Med verknad frå  1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *