Nytt slakte- og parteringskurs på Svanøy

Har du behov for å lære meir om slakting og partering av storvilt? Kurs nummer to i haust er no datofesta til 11.-13.  november, hos Norsk Hjortesenter på Svanøy.

 

slaktekurs på Svanøy.Norsk Hjortesenter har så langt i år utdanna over 300 feltkontrollørar, og mange deltakarar på desse teorikursa har ønskt eit praktisk retta oppfølgingskurs i slakting og partering av hjortevilt. Det første kurset blei raskt fullteikna i slutten av august, og no er det datofesta nytt kurs i helga 11.-13. november.

– Vi har lova denne type kurs til feltkontrollørar, men det er sjølvsagt høve for andre interesserte til å fylle på med litt meir kompetanse når det gjeld den viktige handteringa av viltet etter skotet. Dette er viktig kunnskap å ha med seg, anten ein skal omsetje kjøt eller bruke det sjølv, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Kurset startar med ei teoriøkt fredag 11. november på ettermiddag/kveld, før ein går praktisk til verks laurdagen, der tema er slakting. Søndag blir det fokus på partering og nedskjering av hjorteslakt, kunnskap om dei ulike delane av dyret og kva dei er best eigna til, samt nokre gode tips om nye og alternative måtar å bruke hjorteråvara på.

Kurspakka kostar kr. 5990,-  og inneheld tre dagars kursing, overnatting med fullpensjon som inkluderer to frukostar, to lunsjar og to middagar. Evt. servering av alkohol kjem som tillegg i prisen.

Ønskjer du å vite meir om kurset, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på epost hjort@svanoy.com, eller ring oss på tlf. 57752180. Det er 15 kursplassar til rådvelde, og vi kjem til å praktisere ”først til mølla”-prinsippet.

 

Fullstendig program for kurshelga finn du her: slaktekurs_program.pdf

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *