Nytt kurs for feltkontrollørar 16. juni

Norsk Hjortesenter held nytt kurs for feltkontrollørar av hjortevilt, og kurset går på Alver Hotel i Alversund i Nordhordland torsdag 16. juni.
– Vi har fått svært mange førespurnader om kurs frå hordalendingane, og vi er glade for å få til eit kurs alt no, i god tid før jaktstart, seier dagleg leiar av Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

 

hjort_slakt_feltkontroll__r

Interessa for å ta feltkontrollørkurs på Vestlandet er svært stor, og kurset i Førde 25. mai var fullteikna svært raskt.

– No er det hjortejegerane i Hordaland som får sjansen, og neste kurs blir på Alver Hotel den 16. juni. Vi kjem til å følgje same lest som i Førde, der førstemann til mølla-prinsippet blir lagt til grunn, seier dagleg leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Kurset kostar kr. 2.920,- og består av eit dagskurs med føredragshaldarar frå Norsk Hjortesenter og Mattilsynet sine veterinærar, fullt kurskompendium, ein frivillig eksamen, utsteding av feltkontrollørbevis, samt lunsj og bevertning på Alver hotel. I tillegg blir det demonstrasjon og utstilling av nytt og moderne slakte- og kjøthandteringsutstyr.

Ønskjer du kursplass i Alversund 16. juni, betalar du kursavgifta inn til konto 3775.03.20962, og merkar innbetalinga ”Feltkontrollør”. I tillegg må du sende ein epost til adressa hjort@svanoy.com. Den skal innehalde:

Namn
Adresse
Telefonnummeret du er mest tilgjengeleg på
Epostadresse
Jegernummer

Jegernummeret ditt finn du på jegeravgiftskortet ditt, eller du kan kontakte Jegerregisteret og få opplest nummeret ditt.

NB! Dersom innbetalinga di kjem frå ein annan kontoeigar enn deg sjølv, gjer vel å nemne dette i eposten du sender oss!

Etter at påmeldinga di er registrert, vil du få tilsendt informasjon om kurset via epostadressa du fører opp.

Treng du overnatting i samband med kurset, ordnar kvar og ein dette med Alver hotell sjølv.

Dersom kursdatoen ikkje høver for deg, kan du likevel kontakte oss og melde interesse for seinare kurs.

Har du spørsmål kring kurset, kan du ta kontakt med kommunikasjonsansvarleg Svend Arne Vee på epostadressa sav@svanoy.com, eller ringe 90847465.

 

FAKTA FELTKONTROLLØR

* Med virkning fra 1. mars 2010 blei den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført, også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.

* Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.

* For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

* På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.