No startar dei beiteforskinga

Det store beiteforskingsprosjektet på Svanøy har no starta opp. Om nokre år er målet å presentere ny kunnskap om korleis ein rekordstor hjortestamme påverkar næringsnettet av planter og insekt i Vestlands-skogane.

beiteprosjektet1

NY KUNNSKAP: Om denne gjengen lukkast, vil vi i framtida vite meir om korleis den veksande hjortestammen påverkar miljøet dyra lever i. Frå venstre Stein Moe (UMB Ås), Stein Joar Hegland (Norsk Hjortesenter), Knut Rydgren (HiSF Sogndal), stipendiat Marte Lilleeng og praktikant Tess Wiberg frå SNH. Foto: Svend Arne VeeTorsdag 12. mai var dei første forskarane på plass på Norsk Hjortesenter på Svanøy. Der ventar eit stort og krevjande feltarbeid, som blir innleiinga til eit fleirårig forskingsprosjekt, det såkalla beiteprosjektet.

Med støtte frå Norsk Forskningsråd, skal Høgskulen i Sogn og Fjordane, forskarar frå UMB Ås og Norsk Hjortesenter prøve å finne svar på ei rekkje spørsmål og utfordringar knytt til den rekordstore veksten av hjort på Vestlandet dei siste tiåra. Kva er dei langsiktige effektane av hjortebeiting i den skalaen vi ser no? Kva betyr det for mangfaldet av plantelivet? Kor mykje beiting tåler dei ulike planteartane – og korleis kan ein bruke kunnskap om dette til å forvalte hjortebestanden på ein måte som er bærekraftig både for landskapet og hjorten?

Feltarbeidet for vegetasjonsbiten av prosjektet skal gjennomførast i juni månad. Seks personar er involvert. I tillegg til å kartlegge og ta prøvar av vegetasjon der hjorten har beita og i innhegna område som ikkje har vore utsett for beiting på 11 år, skal det også setjast ut insektfeller, samt feller for å kartlegge bestand av mus og smågnagarar.

Prosjektleiar er FoU-ansvarleg ved Norsk Hjortesenter, Stein Joar Hegland. Han får hjelp av Stein Moe (UMB Ås) og Knut Rydgren (HiSF Sogndal), og ikkje minst stipendiat Marte Lilleeng som blir sentral i feltarbeidet. I tillegg kjem to utanlandske forskarar til Svanøy for å delta.

Vil du lese meir om prosjektet, kan du gjere det på høgskulen sine nettsider. 

Les også om Norsk Forskingsråd si støtte til prosjektet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *