Varslar omlegging av ettersøks-regimet etter dårlege testresultat

Ei gransking utført av NINA og Direktoratet for Naturforvaltning gir nedslåande resultat når det gjeld ettersøksekvipasjar si evne til å følgje rett individ på ferskspor-søk på hjortevilt. No kan det kome innskjerpingskrav til både hundar, hundeførarar og dommarstanden.

 

Nye retningslinjer for trening, godkjenning og gjennomføring av ettersøk på skadd hjortevilt, kan vere klare i 2015, spår DN.

Lite har skjedd av endringar innan ettersøk av skadd hjortevilt sidan kravet om tilgang på godkjent ettersøkshund blei gjort gjeldande på norsk jakt etter rådyr, hjort og elg frå 1. januar 1994. Ein revisjon har også vore etterlyst av dei som driv ettersøk. Dette var også noko av bakgrunnen for at NINA og DN, i samarbeid med Norsk Kennel Klub ønskte å ”sjekke standpunkt” for ettersøkskvaliteten.

Sommaren 2010 blei det gjennomført 24 ettersøk på elg, fordelt på 11 forskjellige dyr. Eit breitt utval av ettersøksekvipasjar deltok, og ei rekkje ulike hunderasar var representert i testen. Testen blei utført i Akershus, der radiomerkte elgar blei peila inn og støkt ut. Deretter blei ettersøksekvipasjane sett på sporet, med starttidspunkt som varierte frå cirka to til 28 timar etter at dyret tok ut. Ekvipasjane fekk ein time på seg til å følgje ferskspora, og deretter blei sporloggane frå elgen og ettersøkshunden samanlikna, for å sjå i kva grad hund og førar makta å følgje rett dyr.

Resultatet var nedslåande. Av dei 24 elg-ettersøka, fekk berre to av dei godkjent. I resten av tilfella var det tydeleg at ekvipasjen raskt hadde mista dyret, og i staden følgde sporet av andre elgar, i mange tilfelle spor som var ferskare.

– Resultata var ikkje oppløftande. Og særleg oppsiktsvekkjande var det at nesten alle hundeførarane hadde klokkartru på at dei følgde rett dyr når dei faktisk ikkje gjorde det, seier Ingebrigt Stensaas i DN, som presenterte undersøkinga under konferansen Hjorteviltet 2011 på Hafjell i midten av april.

Særleg betre gjekk det ikkje då NINA og DN flytta seg vestover og gjennomførte tilsvarande prosjekt på merkte hjortekoller, i samarbeid med Hordahjort-prosjektet. Her blei det køyrt 14 ettersøk fordelt på fem merkte hjort. Ingen av søka var særleg suksessfulle, og det faktum at hjorten i større grad enn elgen bevegar seg samla i familiegrupper gjorde ikkje jobben enklare. I tillegg var terrenga det blei søkt i, langt brattare og med tettare vegetasjon enn for elgsøka. Ingen av ettersøka stod til godkjent.

– Trøysta på var at på hjortesøka innsåg mange av hundeførarane ganske tidleg at dei var på feil spor, og avbraut søka sine. Men det er ei mager trøyst når gjennomsnittet av ekvipasjane vi brukte i testen ikkje klarte å følgje eit elgspor meir enn 58 meter og eit hjortespor i 21 meter, meiner Stensaas, som i samarbeid med NINA ønskjer å vidareføre prosjektet og gjere fleire testar.

Basert på dei dårlege resultata, meiner Stensaas det er på høg tid å gjere noko med ettersøksordninga. Ei re-godkjenning av av ekvipasjane med jamne mellomrom har vore diskutert før, og er eitt av framlegga DN har på blokka. Det same er innskjerping av dommarstanden, der dommarar som ikkje er aktive nok, blir strokne frå lista. Mange inaktive dommarar er allereie fjerna frå registeret.

– Uansett kva endringar som kjem, meiner eg testane våre viser at det har vore for lite fokus på å få hundane til å spore rett individ. Meir ID-sportrening må til, og vi må også ta diskusjonen om ettersøka bør starte raskare enn dagens tilrådingar, kanskje berre halvannan til to timar etter påskyting, meiner Stensaas.

Fleire konferansedeltakarar var skeptiske til måten undersøkinga var gjennomført på. Dei meinte hunden si evne til å skilje ut eit skadd dyr er god, og at dette naturleg nok ikkje kjem fram i testen, sidan ein utelukkande søker på friske dyr. Fleire framheldt at resultata over 17 år med ettersøk under norsk storviltjakt provar at ekvipasjane gjer ein solid jobb. DN meinte likevel testen har relevans, sidan det kvart år under jakta også blir gjennomført ettersøk etter reine bomskot på dyr.

Like over påske vil NINA har ferdigstillt rapport 688, som omhandlar forsøka og publisert denne. For dei som vil studere detaljane, kan rapporten lastast ned frå både NINA og DN sine nettsider. Her kan du studere gps-loggane frå både elg, hjort og hund under samtlege søk som blei gjennomført.

DN skal på si side sende ut forslag til nye retningslinjer for utdanning av ettersøkshundar på høyring, og nytt regelverk kan verte gjeldande frå 2015.