Gir vinterforing skulda for hjorte-krise

Ei kunstig høg hjortestamme må reduserast kraftig, og det kan godt gjerast gjennom å la hjorten døy i skogen gjennom snøfulle vintrar. Det seier Arnar Lyche i Landbruk Nordvest, som i eit ope brev til rettshavarar tek til orde for at vinterforing av hjort må opphøyre.

      Ei litt for enkel løysing som ikkje tek omsyn til dyrevelferd og etikk, meiner Stein Joar Hegland ved Norsk Hjortesenter.

  

Debatten går no friskt etter at Arnar Lyche i Landbruk Nordvest sist veke gjekk ut i NRK og tok til orde for at vinterforinga av hjort må stoggast.

        Vinterforinga stimulerer til ein auka bestand. Vinteren er «flaskehalsen» for dyra. Når hjorten blir fora, blir det lagt eit grunnlag for at bestanden kan bli større, seier Lyche til NRK Møre og Romsdal.

Han peikar også på at vinterforing fungerer  som ein magnet på hjorten i området, noko gardsbruk som ligg nær foringsplassane får merke.

Ved Norsk Hjortesenter (SNH) er FoU-leiar Stein Johar Hegland ikkje umiddelbart samd i korkje diagnosen eller ”behandlinga” som Lyche målber.

         Det blir sagt at det er for mykje hjort i skogane våre. Det er heilt avhengig av ståstad og målsetnad. Frå landbruks- eller samferdslesynspunkt er det kanskje tilfelle. Men om ein legg til grunn næringsutvikling og kulturlandskapsomsyn har vi ikkje for mykje hjort, slår Hegland fast.

Hegland meiner Lyche også tek for lett på dyrevelferda.

          Å la dyra døy i skogen er ikkje noko godt forvaltningsgrep. Dersom vi skal la naturen styre bestanden, gjennom beitetilgang, klima og rovviltpredasjon, vil det faktisk gi større skader for landbruket i periodar med mykje hjortevilt.

Han får støtte for synspunktet frå kollega Arve Aarhus, som har hjorteforvaltning som sitt hovudfelt hjå SNH.

         Lyche framstiller det som om ein ikkje kan regulere hjortebestanden gjennom jakt. Det er feil. Det er fullt mogleg å auke avskytinga. Det handlar berre om å få jegerane til å vere med på notene, ved å gjennomføre dei måla forvaltninga seg for jakuttaket, seier Aarhus.

Men dei er begge samde med Arnar Lyche i at måla for framtidas hjortebestand, må vere at vestlandshjorten faktisk tåler ein hard vinter eller to.

        Slik det er no er bestandane unge, tette og mange dyr døyr. Det er det manglande hausting og hausting av rett type dyr som må lastast. Ikkje vintrane og ikkje hjorten sjølv, og ei heller foringa, konstaterer Aarhus. 

Jakta tek altså livet av flest hjort i landet vårt, men dynamikken i bestanden vert i minst like stor grad bestemt av beitetilgangen som kan bli påverka av vintertilhøva. Etter ei lengre periode med gunsitige vinterforhold har vinteren dei siste to åra mange stader redusert beitetilgangen.

–    Dersom forvaltninga meiner at vi skal unngå skadar og sikre at bestandane toler tøffe vintrar så må ein skyte meir hjort og ha spesielt fokus på uttak av kalv og unge dyr, meiner Hegland.

Han er også overtydd om at det må vere råd å diskutere hjorteforing meir nyansert enn kva tilfellet er i dag.

–   Vi må skilje mellom generell vinterforing, og det å fore hjorten gjennom krisevintrar. Eg har sjølv opplevd at grunneigarar som er uttalte motstandarar av å fore, har tydd til foring for at dyr ikkje skal døy i hopetal, seier han.

Nyhetsaken fra NRK kan du se ved å klikke bildet over.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *