Nok eit rekordår for hjortejakta

Totalt 39.100 hjortar blei felt i løpet av jaktsesongen 2010. Det er ein auke på 1400 dyr frå året før, og nesten kvar tredje hjort blei skoten i Sogn og Fjordane.

For tredje året på rad er det dermed felt meir hjort enn elg i Norge, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.

 

svan__y.jpg" alt="Hjortejakt på Svanøy. Foto: Johan Trygve Solheim." style="margin: 10px; border: thin solid #000000; float: left;" />Sjølv om tala frå SSB framleis ikkje her heilt ferdigstillte, er det ingen tvil om at hjortejakta for 2010, samt noko ekstra felling i løpet av vintermånadene i år, inneber nok eit rekordår for den norske hjortejakta. Av ein total fellingskvote på 54.350 dyr, blei det skote 39.100, noko som gir ein fellingsprosent på 72. I Sogn og Fjordane enda talet på 11.800 dyr, ein auke på 170 dyr frå 2009-sesongen.

Fellingstala frå hjortejakta har dermed auka kvart einaste år sidan jaktåret 1989/1990, og tøffare vintrar ser så langt ikkje ut til å ha bremsa utviklinga, sjølv om det i visse område har blitt både felt færre dyr og rapportert mindre sett hjort enn tidlegare år.

Etter Sogn og Fjordane er det nabofylket i nord, Møre og Romsdal, det blir skote mest hjort. Her blei det felt 11.100 dyr, medan det i Hordaland blei skote 7800 dyr. Prosentvis er det Hordaland som har størt auke av vestlandsfylka, då auken her var på 300 dyr samanlikna med fjoråret.

SSB-tala viser at hjorten er på solid frammarsj over heile landet. I samtlege fylke der det blir jakta hjort, blei det registert ein auke i talet på fellingar. Elles utmerkar Sør-Trøndelag seg med god vekst, og av austlandsfylka er det i Telemark og Oppland det blir skote flest hjort, med rundt 500 dyr i kvart fylke.

Ser ein på kommunenivå, held Kvinnherad i Hardanger stand som landets største hjortekommune. med 1245 fellingar.

 

Kommune     Antal felt hjort

Kvinnherad     1 245
Hitra             1 039
Aure             1 024
Ørsta               919
Stryn               797
Vindafjord         777
Bremanger        741
Gaular              717
Fjaler               703
Flora                674

 

Til saman 40.300 personar jakta hjort i jaktåret 2009/10, ein auke på 2600 fra året før.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *