Utviklar tilbod om kurs for feltkontroll av hjort

Dei første feltkontrollør-kursa i Sogn og Fjordane er no under planlegging.

Kursa går i regi av Norsk Hjortesenter, og set jegerar og jaktvald i stand til å selje kjøt av hjortevilt til lokal detaljist (restaurantar og butikkar) og privatpersonar.

Norsk Hjortesenter inngår i desse dagar avtale med Skogbrukets Kursinstitutt (SKI). Det sikrar Hjortesenteret retten til å vere kursarrangør i vestlandsfylka for det nye feltkontrollørkurset for hjortevilt. To tilsette ved Hjortesenteret er allereie godkjende kurshaldarar, og planlegging og tilrettelegging for kursing pågår no for fullt.

– Vi tek sikte på å halde dei første kursa for jegerar i løpet av våren, og interesserte kan godt ta kontakt alt no. Då står dei øvst på lista når kursdatoane blir klare, seier dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

Og det kan vere ein god idé å vere tidleg ute. Det første året med kursing for elgjegerane i Midt-Norge og på Austlandet har vist at kurset er svært etterspurd, og at jegerar faktisk står på venteliste for å ta kurs og få status som feltkontrollør.

Feltkontrollør-kurset er i utgangspunktet eit dagskurs beståande av kun teori, basert på SKI sitt fastlagte pensum. Men Norsk Hjortesenter har alt no ambisjonar om å utvide kurset med ein ekstra dag, der praksis står i hovudsetet.

– Vi vil tilby ein ekstra dag der kursdeltakarane får prøve seg på slakting og partering, for å styrkje fokuset på dei viktige hygieneprinsippa som må ligge i botn for å oppnå eit kvalitetsmessig godt produkt, seier Solheim.

Oppgåva med feltkontrollør-kurs blir eit stort løft for Norsk Hjortesenter i åra som kjem.

– Det finst om lag 5000 valdsansvarlege i vestlandsfylka. Målet må vere at alle vald innan få år skal ha ein godkjent feltkontrollør i sine rekkjer, seier Johan Trygve Solheim, som peikar på at kursa også har ein annan viktig funksjon:

– Dette vil gjere det flotte hjortekjøtet tilgjengeleg for langt fleire enn i dag, seier Solheim.

Etter eit år med gjennomføring av kurset i Midt-Norge er tilbakemeldingane gode. Tre viltmottak som Norsk Hjortesenter nyleg besøkte i Trøndelag, konstaterte at kvaliteten på slakta dei fekk inn har betra seg allereie i første jaktsesong, og at prosentandelen av avviste viltslakt på grunn av dårleg hygiene og slaktepraksis har gått ned.

Ønskjer du meir informasjon om feltkontrollørkurset eller vil førehandsmelde kursinteresse, ta kontakt med Norsk Hjortesenter på hjort@svanoy.com

 

FAKTA FELTKONTROLLØR

  • Med virkning fra 1. mars 2010 ble den nye matlova med tilhøyrande forskrifter for norsk matomsetning innført. Også omtalt som Hygienepakken. Skogbrukets Kursinstitutt (SKI) og Norges Skogeigarforbund (NSF) utarbeidde ein bransjestandard for feltkontroll av hjorteviltkjøt basert på dei nye krava. Den utarbeidde standarden har fått Mattilsynet si tilslutning.
  • Ein kursa og godkjend feltkontrollør får retten til å kvalitetsgodkjenne og attestere jaktlaget sitt viltkjøt, slik at dette kan seljast og omsetjast til lokale detaljistar.
  • For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.
  • På kurset får ein kunnskap om lovverk, administrative reglar, hygiene, kva som påverkar kjøtkvalitet, miljøforureining og mykje meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *