Skeptisk til hjorte-avliving i Aure

Handteringa av den såkalla hjortetragedien i Aure reiser fleire prinsipielle spørsmål som raskt må avklarast.

– Slik saka står i dag, skaper den stor usikkerheit om kven som har rett til å gjere kva – og på kva fagleg og lovmessig grunnlag ein gjer det, seier dagleg leiar av Stiftinga Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Han viser til den store mediemerksemda rundt ein hjorteflokk i Aure, som lokale viltstyremakter meinte var i svært dårleg forfatning. Då eit hundretals dyr trekte til bebyggelsen for å finne mat sist veke, tydeleg prega av ein så langt hard vinter, bestemte viltmyndigheit i samråd med lokal veterinær at dei svakaste dyra skulle avlivast.

 

Resultatet blei at 14 kalvar først blei bedøva, for så å bli avliva med skytemaske.

– Dersom lokale veterinærstyremakter skal avgjere om vilt skal avlivast eller ikkje, i frykt for at dyra kan kome til å døy av svolt, så reiser det seg mange spørsmål: Gjeld det berre for jaktbart vilt som ein antek å vere underernært? Skal det berre gjelde vilt som søkjer til tettbygde strøk og dermed blir synleg for publikum? Og blir avlivinga sett i eit system, der ein til dømes tek prøver av dyra, for å sikre seg gode vitskaplege data for ettertida, spør Solheim.

Han er overraska over handteringa av saka så langt, og etterlyser også ei vurdering av andre tiltak når slike situasjonar oppstår.

– Eit felles løft i området, med iverksetjing av foring kan vere eit kompenserande tiltak, i staden for avliving. Det same gjeld innfanging av dyra for å gje dei eit vidare liv innanfor hjorteoppdrett. Eg trur mange som syslar med hjort og hjorteforvaltning vil vere tent med at Direktoratet for Naturforvaltning avklarar ein del viktige spørsmål her. Eitt av dei er korvidt den reviderte lova om dyrevelferd som trådde i kraft i 2010, i visse tilfelle ser ut til å gå framfor Viltlova, slik ein i praksis ser i dette tilfellet, meiner leiaren for det nasjonale kompetansesenteret for hjort på Svanøy.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *