Folkekrav om tidlegare hjortejakt?

Mykje tyder på at Direktoratet for Naturforvaltning vil møte sterke krav om tidlegare hjortejakt, når dei snart startar arbeidet med høyringsrunden for ny nasjonal jakttidsforskrift.

Direktoratet for Naturforvaltning (DN) er i ferd med å avslutte den førebuande innspelsrunden om kva det bør høyrast på når det gjeld nye jakttidsforskrifter frå 2012 til 2017. For hjortejakta sin del, handlar fleire av innspela om å kome tidlegare i gang. Dagens jaktstart 10. september er slett ikkje ideell med tanke på å forvalte den aukande hjortestamma best mogleg.
– Forvaltninga sit no på kunnskap, mellom anna gjennom mange merkeprosjekt, som syner at hjorten startar vandringa frå sommarbeita til overvintringsområda langt tidlegare enn kva ein trudde, seier leiar av viltforvaltning ved Norsk Hjortesenter, Arve Aarhus.

Eit tverrsnitt av merkeprosjekta, viser at heile 37 prosent av dyra ferdige med hausttrekket sitt før jaktstart 10. september. Innan 16. september har halvparten av dyra nådd vinterområda sine. Dette gjer jakta svært lite effektiv i område som består av typiske sommarbiotopar for hjorten. Store delar av jegerstanden deltek lite i haustinga.

– Trekkja fører til opphoping av mykje dyr i vinterområda, med dei problema vi veit det kan føre med seg, konstaterer Aarhus. Det blir få jegrar som skal hauste store mengder hjort. Det blir mykje skade på skog og innmark, og det blir motsetnadar og konflikt framfor god hjorteforvaltning slik det er i dag. Jakttidsendring kan løyse noko av dette.

– Folkekravet om tidlegare jaktstart for hjort har vore tema i hjorteforvaltninga lenge, men har ikkje vunne fram. Nå har ein ny detaljkunnskap om vandringar å støtte seg på, som stadfestar folkeoppfatninga. – Kva som er rett jakttidspunkt for hjort vil sikkert vera fleire meiningar om, men skal ein vektleggje trekktidspunkt vil 20 august vera god dato for jaktstart meiner han.

– Forvaltningsansvaret er lagt lokalt og forvaltninga av hjort er basert på kvotefastsetjingsprinsippet. Grunneigarane handterer denne delen på ein godt måte. Det som skapar uro er tilleggsreguleringa med jakttida som avgrensing. Dobbeltreguleringa var kan hende hensiktsmessig i hine hårde, men har ingen plass i vår tids kunnskapsbaserte forvaltning meiner han. Tida er moden for meir heilstøypt kvoteregulert jakt der jakttidsgrensene er så vide som biologisk forsvarleg.

Motargumentet mot tidlegare jaktstart og dermed endå lengre hjortejaktsesong, er omsynet til andre naturbruksinteresser. Heller ikkje dette argumentet bør stå i vegen, meiner Aarhus.
– Samjaktproblematikken er det godt utgreidd om, og er ikkje noko hindring på Vestlandet. Når det gjeld turgåarar og bærplukkarar kan ein hevda at hjortejakta er like lite problem som den lange rådyrjakta er det. Både hjort og rådyr er artar knytt til kulturlandskapet. Ålmenta si frie ferdsle er for det meste knytt til utmarka, og vil i liten grad vera konfliktfylt også den, seier han. Dessutan viser grunneigarane og deira organisasjonar stort ansvar i å ta hensyn, og er flinke til å leggje til rette for andre brukargrupper slik det er i dag.

Den offisielle høyringa om nye jakttider startar truleg på forsommaren, med frist for innspel hausten 2011. Her vil ei lang rekkje aktørar få kome med sine synspunkt, som til dømes Skogeigarforbundet, NJFF, fylkeskommunane, grunneigarar og norske kommunar. Deretter vil DN sine konklusjonar kome ved årsskiftet, og vere gjeldande frå 1. april 2012 og fem år framover.