Skal forske på effektane av hjortebeiting

Norsk Hjortesenter og Høgskulen i Sogndal får 4,5 millionar kroner frå Norges Forskingsråd.

Forskingsmiljøet ved seksjon for landskapsøkologi ved Avdeling for Naturfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har i samarbeid med kompetansesenteret Norsk Hjortesenter fått tilslag på kr  4.5 millionar frå programmet Miljø 2015 hjå Norges Forskingsråd til eit forskingsprosjekt på hjortebeiting.

Prosjektet skal fokusera på dei korleis hjorten si beiting påverkar biomangfaldet. Bakgrunnen er den eventyrlege veksten i hjortestammen og den manglande kunnskapen ein har om kva slags verknader dette kan ha for naturlege økosystem.

Forskinga skal basera seg på eit forsøk satt opp på Svanøy allereie i 2001 der ein har følgt utviklinga av vegetasjonen i beita og ubeita blåbærfuruskog med stønad frå m.a. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Dette representerer eit unik datasett og grunnlag for å drive økologisk forsking i eit miljø der endringar ofte føregår gradvis.

– Det er sannsynlegvis ei av årsakene til at Forskingsrådet har valt oss ut i den harde konkurransen der berre eitt av fem prosjekt fekk tilslag, seier prosjektleiar Stein Joar Hegland ved Norsk Hjortesenter.

– Prosjekter er ei stor fjær i hatten til dei samarbeidande institusjonane», fortel dekan Tarald Seldal ved Avdeling for Naturfag ved Høgskulen, – og syner at også små forskingsmiljø som ved høgskulen kan vera konkurransedyktige for dei høgthengande midlane hjå Forskingsrådet».

Prosjektet utmerkar seg også ved at det har fått til eit nært samarbeid mellom eit tradisjonelt forskingsmiljø som Høgskulen og eit kompetansesenter som Norsk Hjortesenter. I tillegg deltek UMB på Ås og utanlandske forskarar i Nederland og England i prosjektet, noko som sikrar nasjonal og internasjonal forankring.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene til Hjortesenteret blir å omsetja kunnskap frå dette og liknande prosjekt til relevant kunnskap som kan nyttast i forvaltning av hjort. Det er viktig å sikre at viltforvaltninga tek omsyn til fleire artar enn hjort, framhevar Hegland, – men det er ikkje gitt på førehand at dagens hjortetettleik nødvendigvis er skadeleg for naturens mangfald.

Prosjektet har konkret som mål å svare på fire spørsmål

1)      Kva er dei langsiktige effektane av hjortebeiting på plantemangfald og vegetasjonsdynamikk?

2)      Korleis vert dominerande planteartar sin populasjonsdynamikk påverka av hjortebeiting?

3)      Kva er dei indirekte beiteeffektane på næringsnettet av insekt og planter?

4)      Kan vi bruke kunnskap frå dette og andre prosjekt for å vegleia hjorteforvaltning i forhold til eit biomangfaldperspektiv?

Forskarmiljøet ved Høgskulen og samarbeidande universitet vert spesielt sentrale i spørsmål 1 til 3, medan kompetansemiljøet ved Norsk Hjortesenter skal ha ei eit spesielt ansvar for det fjerde punktet.

Er du interessert i å vite meir om prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar Stein Joar Hegland. Du når han og på mobiltelefon 415 01 553.