Treng hjorteføter til forskning

NTNU forskar på “fortidshjorten”, og treng beinprøver frå dagens dyr. Norsk Hjortesenter har fått ein førespurnad frå NTNU i Trondheim om å skaffe til vege data til eit spennande forskingsprosjekt som pågår. Jørgen Rosvold & Co har målt ein del gamle hjortebein som er funne under arkeologiske utgravingar.

Målet er å lage ein full tidsserie med målingar over fleire tusen år, og forskarane ønskjer å få samanlikna dei gamle beinfunna med bein frå “notidshjort”.

 

Så langt er det gjort målingar av beinfunn frå museum i Bergen, Oslo og Trondheim. Tilgangen på kjevemateriale er bra, men prøver frå resten av hjorteskjelettet er det mindre av. Særleg manglar forskarane bein frå ein del koller, men alt er av interesse så lenge dyra er vaksne.

– Vi fekk dessverre ikkje inn nok materiale dei siste dagane av jakta i 2010, etter at førespurnaden frå NTNU kom. Men dessverre er sannsynlegheita stor for at det blir påkøyrt ein del dyr gjennom vinteren, og ettersøksringar, lokale viltstyremakter eller andre personar som skulle få tilgang til hjorteføter, må kontakte oss, oppmodar Johan Trygve Solheim.

Det er bein frå fram- og bakfot som skal samlast inn (sjå teikning), og altså helst vaksne koller, alternativt bukk. Beina kan leggast i ein pose og frysast, og det må leggjast ved ein lapp med den informasjonen ein måtte ha om dyret. Ei tekning som viser hvilke bein vi treng kan du laste ned her!

– Deretter er det berre å ta kontakt med Norsk Hjortesenter på telefon 57 75 21 81, så organiserer vi henting eller sending, seier Solheim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *