Lågare fart gir færre viltpåkøyrsler

Vegstyremaktene vegrar seg mot å bruke tiltaket som faktisk har effekt, nemleg fartsreduksjon. – Underleg, meiner leiar ved Norsk Hjortesenter, Johan Trygve Solheim.

Meir skogrydding, fleire viltgjerde og ei rekkje andre tiltak står på verkemiddel-lista til Statens vegvesen for å få ned talet på hjortepåkøyrsler. Berre i fjor small det 377 gonger mellom bil og hjortevilt i Sogn og Fjordane. Men Statens vegvesen har likevel ikkje fartsreduksjon som eit verkemiddel dei ønskjer å ta i bruk.

I staden varslar vegvesenet eit heller oppsiktsvekkjande tiltak: Å fjerne ein god del av fareskilta som i dag varslar bilistar om at dei køyrer inn i område som har høg dyretettheit.
– Vi ønskjer færre skilt enn i dag. For mange skilt gjer til at bilistane misser respekten for dei, seier Ann Kristin Nes frå Statens vegvesen til NRK Sogn og Fjordane.

Men ein treng ikkje leite lenger enn til Transportøkonomisk Institutt si trafikksikkerheitshandbok for å finne bevis på at redusert fart verkar. Undersøkingar utført i mellom anna Sverige i 2005, viser at ein fartsreduksjon på to kilometer i timen gir 15 prosent færre påkøyrsler. Senkar ein farten med ti kilometer i timen, går ulukkestala dramatisk ned, med heile 56 prosent. Desse tala er også korrigert for ulike faktorar, som trafikkmengd, viltgjerde og dyretettheit.

– Dette er eit tiltak som heller ikkje kostar noko. Når vegstyremaktene i utgangspunktet ikkje har all verdas økonomi til å drive førebyggjande tiltak, skulle ein tru at fartsreduksjon ville vere det mest rasjonelle å bruke, seier Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter på Svanøy.

Med ei stadig veksande dyrestamme og aukande tal for viltpåkøyrsler, trengs det tiltak. Norge er på etterskot samanlikna med nordiske naboland, men det har også sine fordeler. Det finst mykje litteratur og tilgjengeleg forsking på området, og  Norsk Hjortesenter er i dialog om å gjere ein kunnskapssamanlikning basert på dette materialet, som igjen kan danne grunnlag for nytenking og effektive tiltak.

Direktoratet for Naturforvaltning (DN) lanserte i 2009 ny forvaltningsstrategi for hjorteviltet i Norge. Eit av fyrtårnpunkta i strategien omhandlar nettopp påkøyrsels-problematikken, og kva som må til for å få tala ned.

Her peikar DN på at det må jobbast på tvers av sektorar og fag, fordi årsakene – og løysingane – på problemet er samansett. Difor må samferdslesektoren, landbruk og helse jobbe saman for å nå målet om reduserte skadetal.

Ein pdf versjon av Hjorteviltstrategien finn du her!